Google
Skriv ut print

Føreslår sal av eigedomar

Rådmannen føreslår å selja Fjell gamle skule, Knappskog gamle skule og tomteområde på Bildøyna og Strenghaugen i Møvika-området. Dette er ei oppfølging av føringar i rådmannen si vurdering av investeringsrekneskapen i økonomirapporten etter første kvartal. Tidlegare er det gjort vedtak om å selja skulebygget på Turøy. Saka vert behandla i komité for finans og forvaltning 30. august.

Turøy skuleTurøy skule
I januar gjorde KFF vedtak om å selja Turøy skule.

I saksutgreiinga vert det lagt vekt på at bygg som er tekne ut av ordinær bruk, til vanleg får eit akselererande forfall. Kommunen er inne i ein fase der det vert arbeidd med å dempa utgiftsveksten, og difor vil det etter rådmannen si vurdering vera mest føremålstenleg å konsentrera seg om drift og vedlikehald av dei bygga som er og vil vera i aktiv kommunal bruk.

Overføring av båt til Stiftinga Langøy

Fjell kommune eig fritidsbåten "Sun Buster" , men inngjekk i 2005 ein mellombels avtale med Stiftinga Langøy om overdraging av båten til stiftinga. Stiftinga har hatt ansvaret for vedlikehald og forsikring av båten. Fram til 2010 har Stiftinga Langøy fått ei årleg løyving frå kommunen som har dekt kostnader med båten. Ettersom kommunen ikkje løyver pengar i 2011, har stiftinga stilt spørsmål om kommunen kan dekkja utgiftene med båten eller eventuelt overdra båten permanent til stiftinga.

Rådmannen vurderer ei permanent overdraging som den beste løysinga. På bakgrunn av kostnader med vedlikehald, forsikringar, oppbevaring og drift av båten sidan 2005, meiner rådmannen at båten bør overdragast vederlagsfritt.

Andre saker i komité for finans og forvaltning

  • Evaluering av komitéar og formannskap.
  • Sjølvskyldnargaranti for lån teke opp av Fjell bustadstifting.
  • Endring av rutinar for behandling av klagesaker.
  • Høyringsuttale om endring i rekneskapsføring av pensjon.

Også komité for plan og utvikling (KPU) skal ha møte tysdag 30. august. I tillegg til 12 klagesaker, skal komitéen til liks med dei to andre komitéane drøfta politisk organisering. Dessutan skal KPU ta stilling til ny førstegongsbehandling av reguleringsplan for Spjeld der det er planar om å byggja 18 bustader.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
25.08.2011
Sist oppdatert:
26.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom