Google
Skriv ut print

Føreslår utval for barnehage og skulestruktur

Rådmannen føreslår at det vert oppretta nytt barnehageutval. Til møtet i komité for drift (KD) tysdag i neste veke føreslår han også at det vert oppretta ei arbeidsgruppe som skal utgreia skulestrukturen i Fjell og vurdera plassering av ny skule i området Skålvika, Sekkingstad og Eide.

Fjell kommune har tidlegare hatt ulike politiske utval knytt til planlegging og gjennomføring av barnehagereforma. Rådmannen meiner det framleis er behov for å ha eit politisk barnehageutval som mellom anna kan arbeida med å sikra likeverdige driftsvilkår mellom kommunale og private barnehagar. Det vert føreslått at utvalet får fem medlemer, der tre medlemer vert valt av komité for drift og at komité for finans og forvaltning vel to medlemer.

I saka om ny skulestruktur viser rådmannen til den politiske plattforma der endring i skulestrukturen er omtalt og at det skal setjast ned eit utval som skal vurdera plassering av ny skule i området Skålvika, Sekkingstad og Eide. Rådmannen føreslår å setja ned eit utval på fem medlemer der to er valt frå komité for drift og to er valt frå komité for finans og forvaltning.

Retningslinjer for foreldrebetaling i barnehage

Til møtet på tysdag ligg det føre forslag til retningslinjer for reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling av barnehageutgifter for barnefamiliar med lågast betalingsevne. Ordninga byggjer på forskrift om foreldrebetaling i barnehagar og vil få ei todelt ordning. Det er ektepar/sambuande, forsørgjarar med delt omsorg og einslege forsørgjarar utan rett på stønad til barnehagetilsyn som kan få redusert betaling av barnehageutgifter.

Dei to første timane i komitéen er sett av til informasjon om økonomisk status og brukarundersøking i NAV Fjell, kommunedelplan for trafikksikring og statusmøte med Ungdommens kommunestyre.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
11.01.2012
Sist oppdatert:
11.01.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom