Google
Skriv ut print

Formannskapet drøfta høyringsfråsegner

Formannskapet drøfta i går dei høyringsfråsegnene som var komne inn til saka om budsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015. Før møtet var det kome inn 13 fråsegner.

Frå formannskapsmøtet 12.12.Frå formannskapsmøtet 12.12.

Saksordførar til kommunedelplanar

Formannskapet drøfta også om det skal veljast saksordførar til arbeidet med kommunedelplan/områderegulering for Bildøyna. Formannskapet vedtok at ordførar skal avklara dette spørsmålet med utbyggjaren av området før det vert teke endeleg stilling til om det skal veljast saksordførar til planane for Bildøyna.

Det var også ein generell gjennomgang av innhaldet og arbeidsoppgåvene knytt til ordninga med saksordførar. Fjell kommune er no i gang med fem kommunedelplanar.

Løypemelding for budsjettet

Til formannskapet i går hadde det altså kome inn 13 høyringsfråsegn til budsjettet og økonomiplanen. Fristen for å koma med innspel til budsjettet er sett til 15. desember, same dag som budsjettet vert behandla i kommunestyret.

Førebels oversyn over innkomne høyringsfråsegner til budsjettet:

  1. Ungdommens kommunestyre

  2. Fjell Brass og Sotra Brass

  3. Fagorganisasjonar

  4. Utdanningsforbundet

  5. PBL-Fjell

  6. Foreldra i Langøy Friluftsbarnehage

  7. Tiriltunga barnehage

  8. Sotra Brannvern IKS

  9. Gardstunet barnehage

10. Fjell sokneråd

11. Småstrilane barnehage

12. Sotra Trav og Hestesportslag

13. Aksjonskomitéen ved Gardstunet barnehage

Samarbeidspartia (Høgre, FrP og KrF) opplyste på møtet i går at det i kommunestyret vert presentert eitt endringsforslag til økonomiplan om turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
13.12.2011
Sist oppdatert:
13.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom