Google
Skriv ut print

Formannskapet drøftar brannvernsamarbeid

Rådmannen føreslår at utgreiinga av framtidig brannvern på Sotra, inklusive samarbeid med Bergen, vert lagt ut til offentleg høyring.

Konsulent Magne EikangerKonsulent Magne Eikanger
Konsulent Magne Eikanger har skrive rapporten

Han meiner at organiseringa av det framtidige brannvernet på Sotra har mykje å seia for mange aktørar på brann- og redningsområdet. Difor føreslår han at rapporten vert lagt ut på høyring i tre månader. Formannskapet drøftar saka komande måndag 16. mai.

Konsulent Magne Eikanger i Brannvern- og beredskapsrådgiver 1 føreslår at kommunane Bergen, Fjell og Sund etablerer felles brannvesen. Han tilrår vidare at vertskommunemodellen vert valt som selskapsform.

Styret i Sotra Brannvern rår kommunestyra i Fjell og Sund til å vidareføra løysinga i dag som modell for organisering av brannvernet i dei to kommunane på Sotra. Styret meiner det i framtida bør leggjast til grunn at brannvernet kan utvida samarbeidet i regionen. Den 27.04.2011 tok representantskapet saka til orientering

Tilrådinga om felles brannvesen vert grunngjeve fagleg. Økonomisk er det lite å spara på brannvernsamarbeid. Konsulenten tilrår vertskommunemodellen dersom samarbeidet vert etablert mellom dei tre kommunane. Dersom eit brannsamarbeid etter kvart skulle utvikla seg til å gjelda t.d. 10 nye kommunar, er interkommunalt selskap ei aktuell selskapsform.

Planar for Bildøyna

Formannskapet skal også drøfta framlegg til planprogram for kommunedelplan og områderegulering Bildøyna 2011-2023.

Ein tidlegare versjon av planprogram vart lagt ut til offentleg ettersyn i 2009. Det kom inn vesentlege merknader frå m.a. Fylkesmannen. For å koma i møte tidlegare innspel, er det no utarbeidd nytt planprogram for kommunedelplanen. Det vert lagt opp til å samkjøra kommunedelplanprosessen og arbeidet med områderegulering. Rådmannen går inn for at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Her kan du lesa innkalling og saksdokument til møtet.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
13.05.2011
Sist oppdatert:
12.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom