Elevane på Tranevågen ungdomsskule er i full gang med å førebu seg til det store avslutningsarrangementet i Grieghallen tysdag 20. desember. Alle dei 470 elevane på ungdomsskulen er engasjerte i Ung 2011, og framsyninga "From T.u.sk till Dawn" er ein del av prosjektet.
Ingrid Gundersen, Mateusz Mikanik og Tine F. Engesæth øver til moteoppvisning
Ingrid Gundersen, Mateusz Mikanik og Tine F. Engesæth øver til moteoppvising
UNG-prosjektet er delt inn i 24 grupper. Ein god del av gruppene har oppgåver på framsyninga i Grieghallen. Ingrid Gundersen (10d) er ein av 36 elevar i gruppa som skal ha moteoppvising.
- Dette er eit fint avbrekk frå den vanlege skuledagen. Alle i denne gruppa hadde mote som førsteval. Dette vert gøy, seier Ingrid før ho saman med dei andre i gruppa øver på stega på catwalken.
Klatrestunt
For første gong skal aktørar rappellera ned frå taket på scenen i Grieghallen. Det er elevar frå klatregruppa som skal stå for dette stuntet.
Fram til 2009 var dette arrangementet på ungdomsskulen på Ågotnes. I fjor hadde den nye ungdomsskulen i Tranevågen si første framsyning i Grieghallen med ein presentasjon av film, dans, drama og mote slik vi kjenner det frå dei siste 50-60 åra.
I forkant av førestillinga i Grieghallen vert det utstilling av elevarbeid
I forkant av framsyninga i Grieghallen vert det utstilling av elevarbeid.
Med framsyninga "From T.u.sk til Dawn" skal elevane med dans, drama, song, musikk, film og moteoppvising skildra det mørke og det lyse. For å sikra god overgang frå mørke til lys, er det leigd inn profesjonell danseinstruktør.
- Elevane er opptekne av mørke tema som vi finn i Twilight og True Blood. Den første delen av programmet har preg av dette. I den siste delen vert det eit temaskifte med vekt på det lyse og det vakre, seier lærar og prosjektleiar Herdis Reksten.
Song og musikk er sentralt i førestillinga.
Det vert mykje song og musikk i Grieghallen tysdag kveld.
Alle kan kjøpa billett
Så langt er det først og fremst elevar, føresette og familiane til elevane som har sikra seg billettar til framsyninga. Frå i dag av er det lagt ut billettar for sal også til andre interesserte. Prisen er kr. 100,- pr. billett.
- Folk kan få kjøpt billettar på skulen eller ta kontakt med skulen på telefon 55 09 63 00. Så langt er det framleis ledige plassar i Grieghallen, seier Herdis Reksten.
Tekst og foto: Vigleik Brekke