Skatt Vest sitt kontor på Straume i Fjell vert oppretthalde. Det stadfestar avdelingsdirektør i Skatt Vest, Marta Gjengedal.
I fjor haust fekk Skatteetaten fullmakt av regjeringa til å gjennomføra endringar i kontorstrukturen. Skattekontor med færre enn fem tilsette vart vurdert lagt ned. Bakgrunnen for endringane har vore å utvikla eit meir standardisert og likt tenestetilbod til publikum. Det skulle også hjelpa til med å etablera eit større kompetansemiljø og auka kvalitet på etaten si løysing av oppgåver.
Men kontoret på Straume, som hadde fem tilsette ved nyårsskiftet, vert ikkje ramma av endra kontorstruktur i Skatteetaten.
- Dei kontora som hadde fleire enn fem tilsette første januar i år, vert oppretthaldne. Dermed skal Skatt Vest framleis ha kontor på Straume, seier Marta Gjengedal.
I februar skreiv kemnerutvalet i Fjell, Sund og Øygarden ei fråsegn om situasjonen for skattekontora. I brevet heiter det at kommunane ville mista ein god samarbeidspart dersom kontoret vart lagt ned. Det vart synt til at med samlokalisering i Skjenet på Straume har både kemnerkontoret og skattekontoret fått mange positive tilbakemeldingar frå publikum.
Tekst: Vigleik Brekke