I dag (13. september) var det full aktivitet i Ågotneshallen då rundt 150 elevar frå fire skular i Fjell vart kursa i trivselsleiarprogrammet.
Nominerte elevar får status som trivselsleiar og får ansvaret for å organisera ulike aktivitetar i friminutta. Dette er første gong det i Fjell vert arrangert eit kurs som dette for å få aktivitet i friminutta.
Hoppetau er populært
Hoppetau er populært
- Dette er gøy. Det er fint å vera saman med andre elevar og verta kjent med dei, seier eleven Emma Sørensen på Foldnes skule.
Kva er oppgåva di som trivselsleiar?
- I friminutta skal eg få elevane til å vera med på ulike leikar slik at dei ikkje går rundt åleine og er lei seg, seier Emma.
Innebandy
Parbandy
På kurset i Ågotneshallen er det opplæring i 15 ulike aktivitetar. Koordinator for dette prosjektet i Fjell er rektor på Ekerhovd skule, Svein Ove Rørvik. Utanom Ekerhovd skule, er barneskulane på Foldnes, Brattholmen og Ulveset med på tiltaket. Trivselsprogrammet er eit landsdekkande tiltak med rundt 500 deltakande skular.
Arbeider for betre elevmiljø
- Elevane skal ansvarleggjerast for å skapa trivsel og sikra at alle elevane vert inkluderte. Vi håpar at dette skal redusera konfliktnivået i friminutta, auka venskapen og støtta opp om betre elevmiljø, seier Svein Over Rørvik.
Den sterkaste står
Den sterkaste står
Det er attraktivt å vera med prosjektet. Trivselsleiarane får eit kulturkort som mellom anna gjev tilgang til kampane på Brann stadion og redusert pris på Vannkanten badeland. Det er elevane sjølv som nominerer trivselsleiarane. Eitt av kriteria er at dei ikkje må ha vore involvert i konfliktar. I første omgang er det plukka ut trivselsleiarar fram til nyttår. Dei som ikkje nådde opp denne gongen, får sjanse til å verta nominert ved neste runde.
- Vi opplever at skular stadig er på leiting etter positive aktivitetar som kan førebyggja uønska åtferd, mellom anna mobbing. Difor tilrår vi å bruka trivselsprogrammet, seier leiar for Zero og Respekt, Unni Midthassel til nettsida for trivselsprogrammet.
Tekst og foto: VigleiK Brekke