Google
Skriv ut print

Fylkesmannen klagar vedtak om ulovleg tiltak

Fylkesmannen har klaga eit vedtak i komité for plan og utvikling (KPU) 30. august. Klagen gjeld eit tiltak på Ekren der utbyggjar utan søknad og løyve planerte ut eit område på om lag 90 kvadratmeter.

Administrasjonen vedtok pålegg om fjerning og tvangsmulkt. Etter klage frå tiltakshavar konkluderte KPU i august med at dette var eit ulovleg tiltak som kunne reknast å vera mindre vesentleg ("av mindre betydning") og at vedtaket om retting og tvangsmulkt skulle opphevast.

Det er dette vedtaket Fylkesmannen har klaga på. Fylkesmannen vart kjent med saka gjennom oppslag i media. Han meiner at muren og planeringa gjekk langt ut over kva som er av "mindre betydning" og at kommunen har plikt til å følgja opp lovbrotet.


Publisert:
06.10.2011
Sist oppdatert:
06.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom