Google
Skriv ut print

Gjer nokon glad i dag!

I dag markerer Ungdom med Mot i Fjell "MOT til å glede-dagen". Kvart år 23. november vert denne dagen markert i heile landet. Det er eit felles mål å gleda så mange som mogleg med små verkemidlar. MOT oppmodar ungdom og vaksne over heile landet til å spreia glede.

Ivar EinarsenIvar Einarsen
Ivar Einarsen

MOT-koordinator i Fjell, Ivar Einarsen, seier at vi kan gle mannen på gata, gode vener, naboen, bestemor på sjukeheimen, farfar som sit åleine, klassekameratar, kollegaer eller barna i barnehagen.

Det vert markering av dagen på Sartor Storsenter med stand klokka 17 i dag. Endre Nordvik syng, og landslagsspelar i kvinnefotball, Tina Algrøy, vert også med.

- Det går fint å ha eit ekstra fokus på å seia hei, gje eit smil, nikk og gjerne ein klem til nokon som treng det, seier Ivar Einarsen.

MOT ønskjer å hjelpa til med å skapa varmare og tryggare miljø. 60 tusen ungdomar deltek i MOT sine program, og denne dagen har alle eit felles mål; å gle så mange som mogleg. Det kan kosta litt mot å gjera noko ekstra for å spreia litt glede, men glede smittar, og verdien til saman vert svært stor.

HUGS: Den største gleda du kan ha er å gjera andre glad!


Publisert:
23.11.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom