I kveld tek Gudveig Lillebø med seg 12 berbare datamaskinar og 28 mobiltelefonar frå IKT i Fjell kommune på si lange reise til skulesenteret Vibitac i det sentralafrikanske landet Malawi.
IKT har tidlegare overlevert 12 datamaskinar til prosjektet Agrivet Afrika, drive av ekteparet Marit Svahn og Sigvart Byberg frå Hamar. Svahn er føreskulelærar, medan Byberg er veterinær.
- IKT i Fjell kommune har fått ei svært høg stjerne i Malawi! seier Gudveig Lillebø.
- IKT i Fjell kommune har fått ei svært høg stjerne i Malawi! seier Gudveig Lillebø.
- Eg gjev stor skryt til IKT for dette samarbeidet. I 2010 stilte IKT opp med 10 datamaskinar. Som ein del av Agrivet-prosjektet vert det gjeve førskulelærarutdanning til 20 studentar. Dette er den første utdanninga av dette slaget i landet, seier Lillebø. -I tillegg byggjer Byberg opp jordbruksprosjekt, der lokale bønder får læra om moderne husdyrhald og dyrking av næringsrike plantar.
Malawi ligg aust for Zambia og er eitt av dei10 fattigaste landa i verda. I dette landet med 15 millionar innbyggjarar er det 150-160 legar.
God gjenvinning av utstyr
Lærling Alan Shaban Jabar på IKT har engasjert seg i arbeidet med å oppgradera dei berbare datamaskinane. Han har fått god hjelp frå to elevar frå den vidaregåande skulen som har vore på utplassering på avdelinga.
Alan og Adjei oppgraderer datamaskiner
Alan og Adjei oppgraderer datamaskiner
- Først gjekk vi gjennom lageret av utstyr og fann ut kor mange maskinar vi kunne oppgradera. Dette er god gjenvinning av utstyr, og det har vore svært motiverande å arbeida med dette, seier Shaban. Lærling Adjei Owusu har med hjelp frå IKT-konsulent Rikard Kvaal oppgradert mobiltelefonane og ein del ladarar.
Kvantesprang inn i nyare tid
Gudveig Lillebø fortel at av 20 studentar er det berre to-tre som har brukt datamaskin tidlegare. Ein brukt PC tilsvarar rundt ei årsløn for ein lærar i Malawi. Inntil vidare vert det brukt mobilt nettverk i området, men trådlaust nett er under oppbygging.
Glade elevar saman med Marit Svahn
Glade elevar saman med Marit Svahn
- Dette er eit kvantesprang inn i ei nyare tid, både for førskulestudentane og elevane på ungdomssteget og den vidaregåande skulen i området. Folk er overstrøymande takksame for desse rause gåvene. Dei seier at slikt løftar heile området, seier Gudveig Lillebø som denne veka startar på eit sju veker langt opphald i Malawi.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Gudveig Lillebø og Madeleine Vannebo