Google
Skriv ut print

Gjev støtte til ungdomsradio

Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok samrøystes i går å løyva 15 tusen kroner til etablering av ungdomsredaksjon på Radio Sotra.

Prosjektet er knytt til at Radio Sotra skal flytta inn i lokale i Sartor Storsenter og samlokalisera radioverksemda med ny kino. I samband med dette er det planlagt å byggja opp ein ungdomsredaksjon som får ansvar for teknikk og programleiing. Prosjektet har ei totalramme på knapt 144 tusen kroner. I tillegg til støtte frå kommunen, er det er søkt om støtte frå Medietilsynet og Vest Næringsråd.

I samband med denne saka, ber UKS om at vedtektene for støtte frå UKS vert endra. I dag er det to faste fristar for å søkja om støtte; 1. mai og 1. november. Det har vore relativt få søkjarar som har meldt seg innan fristen, men fleire aktuelle søkjarar meldte interesse etter fristen 1. november. Difor ønskjer ungdomspolitikarane at det vert høve til å søkja heile året og at UKS tek stilling til søknadene etter kvart.

UKS har hatt 50 tusen kroner til disposisjon i 2011. Dette året er det løyvd 10 tusen kroner til Juvente Sotra og 15 tusen kroner til Radio Sotra. Totalt hadde UKS 50 tusen kroner til disposisjon.

Andre saker i UKS

UKS arbeidde videare med Tiltaksplan for UKS. Eitt av tiltaka er å laga reklamefilm for UKS i samarbeid med UKS i Sund, Øygarden og Askøy. Det er også aktuelt å laga reportasjar med samtale med ungdomar og frå felles opplæringsdag i slutten av november.

Henriette Nordtvedt og Joachim Indrevik vart valde som deltakarar på ungdommens fylkesting (UFU) i slutten av januar 2012. Desse deltakarane vert også kandidatar til ungdommens fylkesutval UFU).


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
16.11.2011
Sist oppdatert:
16.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom