Psykiatrisk team har funne seg godt til rette i dei nye lokala i Øyane DPS. I dag, 15. september, er det eín månad sidan teamet på fem faste tilsette flytta inn i dei nye og tidsmessige lokala saman med etterkvart rundt 80 tilsette frå Helse Bergen.
Frå venstre: Frode Skjold, Lenhart Svemo, Elise Bergsagel, Aud Eli Waage og Hilde Brennhovd.
Frå venstre: Frode Skjold, Lenhart Svemo, Elise Bergsagel, Aud Eli Waage og Hilde Brennhovd.
- Vi er svært godt nøgde med lokala. Det er spennande å verta samlokalisert med andrelinjetenesta. Vi håpar som styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, sa under opninga at dette skal verta eit kraftsenter for psykisk helse i region vest, seier leiar av psykiatritenesta, Elise Bergsagel. Psykiatritenesta har allereie samarbeid med Øyane DPS, mellom anna via meistringsgruppe for vanskelege kjensler etter fødsel og gruppe for foreldre og barn av psykisk sjuke
- Brukarane gjev oss berre positive tilbakemeldingar på dei nye lokala, seier Bergsagel.
Fysisk aktivitet og samhandling
Før innflytting tok Helse Bergen initiativ til eit felles prosjekt mellom kommunane her i vest og Øyane DPS. Det handlar om fysisk aktivitet som ein del av behandling og oppfølgjing! Kommunane og Øyane DPS skal samarbeida med Psykiatrialliansen B.I.L. som er eit idrettslag for psykisk sjuke. Dette er eit brukarstyrt idrettslag som legg til rette for aktivitetstilbod for menneske som har eller er ramma av psykiske lidingar
- Saman med medisinsk behandling og samtale, skal fysisk aktivitet verta ein integrert del av behandlinga, seier Elise Bergsagel.
Det blir nok ofte lunsj på verandaen for teamet.
Det blir nok ofte lunsj på verandaen for teamet.
Psykiatrisk team består av fem personar, alle med spesialkunnskap om psykiske lidingar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, dvs at det er mogleg å ta kontakt utan tilvising frå lege. Teamet tilbyr individuelt tilpassa opplegg etter nærare vurdering. Det kan vere hjelp til å koma i gang med livet igjen, finna sosiale aktivitetar, følgja på vegen inn til NAV, råd og rettleiing, både til den sjuke og til pårørande, hjelp til medisinhandtering, individuell plan m.m.
Tekst og foto: Vigleik Brekke