- Dei mest hyperaktive av oss trivst med dette kaoset. Det seier leiar i PPT i Fjell, Jogeir Sognnæs til Tidsskift for Norsk psykologforening si siste utgåve.
Jogeir Sognnæs
Leiar for PPT i Fjell, Jogeir Sognnæs
Bladet har over fire sider presentert korleis kommunepsykologane Gerda Nilsson, Kristin Halvorsen og Jannicke Midtbø opplever arbeidskvardagen i Fjell.
Kvardagen ein møter i PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) er kompleks og samansett. Psykologane samarbeider med mange ulike instansar. I Fjell er det for tida totalt åtte psykologar i kommunen. I tillegg til dette disponerer Jogeir Sognnæs seks pedagogar.
Glade psykologar i Fjell
Gerda Nilsson (øvst), Kristin Halvorsen og Jannicke Midtbø er alle glade for å arbeida i Fjell PPT.
Godt samarbeid med pedagogane
I den omfattande presentasjonen vert det mellom anna stilt spørsmål om PPT er ein tapt arena for psykologar og at pedagogar gradvis kjem til å overta dette feltet heilt. Men i Fjell er det gjennomført eit grep som sikrar samhandling mellom psykologane og pedagogane. Tenesta er bygd opp med lag på to og to, ein pedagog og ein psykolog som har felles ansvar for skulane og dei einskilde sakene.
- Den nye ordninga med to og to kontaktpersonar har gjort alle meir trygge i jobben og at det i større grad er bruk for deira spesifikke kompetanse, seier Gerda Nilsson.
Psykologane i bergensområdet har framleis ei viktig rolle i PPT som følgje av at Universitetet i Bergen utdannar etter måten mange psykologar i høve til folketalet i regionen. Jannicke Midtbø seier at psykologane absolutt har noko å tilføra.
- Vi får informasjon frå ulike partar og har høve til å ta eit fugleperspektiv, ha eit større overblikk og tilføra psykologisk kunnskap om utviklinga til barna, seier Midtbø til tidsskriftet.
Psykologiutdanning er relevant
Kristin Halvorsen opplever psykologutdanning som relevant for jobben. Ho fortel at ein driv mykje med systemarbeid og har god kontakt med foreldra, skulen og andre samarbeidspartnarar.
- Det er spennande å arbeida med å gjera desse betre til å møta og forstå utfordringane til barnet, seier Halvorsen.