Google
Skriv ut print

Godkjente endeleg planprogram for Sotrasambandet


Kommunestyret vedtok samrøystes i går å godkjenna det endeleg planprogrammet for Sotrasambandet.


Planprogrammet slår fast kva alternativ som skal utgreiast vidare. Arbeidet er delt opp i to sjølvstendige kommunedelplanar; eín for strekninga Kolltveit - Storavatnet og eín for strekninga Storavatnet - Liavatnet.

Både Fjell og Bergen kommunar har vedteke å slutta seg til prinsippet om at arbeidet skal delast i to planar. Planen har lege ute til offentleg ettersyn i ti veker i sommar, og det har kome inn ni merkander til planen. På bakgrunn av merknadene vil Statens vegvesen utgreia to nye alternativ for ny tunnel mellom Storavatnet og Liavatnet.

TraséalternativTraséalternativ
Traséalternativ

På kommunestyremøtet i går fremja Sotralista eit forslag om å vurdera alternativ løysing mellom Arefjord og Kolltveit. Det vart vedteke å oversenda forslaget til formannskapet.

Forhandlingsutvalet i denne saka vert samansett av Eli Årdal Berland (H), Marianne S. Bjorøy (Ap) og Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Felles regionpakke for bergensområdet

Kommunestyret gav også uttale til konseptvalutgreiing (KVU) for transportsystemet i bergensområdet. Politikarane ser samla positivt på å tenkja regionalt om samferdslespørsmål og på sikt å utvikla ein felles regionpakke. Likevel understrekar kommunestyret at Sotrasambandet må sjåast som eit eige prosjekt og ikkje som ein del av regionpakken for bergensområdet.

Fleirtalet i kommunestyret er ikkje samd i føresetnaden om at varig trafikantbetaling på ny sotrabru må til for å sikra høg kollektivdel og for å oppfylla miljøkrav. I fleirtalsframlegget heiter det også at bompengar skal primært nyttast til realisering av Sotrasambandet.

Mindretalet (Ap, Venstre, SV og Sp) gjekk inn for ei formulering om at trafikantbetaling må vurderast. Føresetnaden for dette er at alle dei aktuelle 12 kommunane samlar seg om ein slik ordning.

Mindretalet ( Sotralista, Venstre og Sp) ønskte at eit transportsystem for bergensområdet også må omtala ein ytre ringveg over Sotra med eit nytt samband i sør og at fastlandssambandet for Lerøy og Bjelkarøy vert innarbeidd i regionpakken.

Plan for Eide

Kommunestyret godkjente planprogrammet for kommunedelplan for Eide. Det vert lagt opp til ein prosess som klargjer om næringsområdet kan utvidast og kva næring som kan etablerast i området, mellom anna vindkraft. I vedtaket vert det presisert at før det vert aktuelt å fremja søknad om konsesjon for etablering av vindmøller, vil Vestavind kraft på bakgrunn av fleire moment vurdera om det er grunnlag for å søkja om konsesjon. Nokre av desse momenta er vindressurs og eventuell påverknad av miljøet.

Mindretalet (Frp, Sotralista, Venstre, SV og SP) ville ta vekk formuleringar i planprogrammet som omhandla vindmøller (pkt. 3.1 og 3.7).

Det vart vedteke at varaordførar Odd Bjarne Skogestad skal vera saksordførar for kommunedelplanen.

Val

Det vart gjennomført val på fleire nemnder, råd og utval. På heimesida under Politikk – kommunestyret vert det om kort tid lagt ut protokoll frå møtet.


Tekst: Vigleik Brekke



Publisert:
28.10.2011
Sist oppdatert:
28.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom