Kommunestyret godkjente i går kveld (26. januar) samrøystes reguleringsplanen for Kolltveit vest. Planområdet er på 270 dekar, og det vert lagt til rette for 373 bustader av variert storleik.
I tillegg til bustader omfattar planane ny barnehage, eksisterande industriområde og kulturminne. Planområdet ligg mellom Kolltveit og Blommen, om lag tre kilometer vest frå Straume og to kilometer nord for Fjell gard.
Planområde for Kolltveit vest
Planområde for Kolltveit vest
I vedtaket i går vert det stilt rekkjefølgjekrav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule. Fotgjengarundergang under fylkesveg 258 ved krysset mot fylkesveg 555 skal vera opparbeidd før det vert gjeve bruksløyve til nye bustader. I føresegnene er det også krav om rekkjefølgjekrav om tilfredsstillande utbygging av vatn og avlaup.
Det vart vidare vedteke at det skal utarbeidast ein utbyggingsavtale mellom kommunen, tiltakshavar og utbyggjaren av plan for Blommen. Denne avtalen skal mellom anna innehalda krav til opparbeiding av gang- og sykkelveg/trygg skuleveg og undergang. I tillegg skal utbyggingstakten strekkja seg over minst 10 år.
Mindretalet (Sotralista, Ap, SV og V) røysta for at kommunen skal ha vedteke og finansiert ein samla plan for utbygging av infrastrukturen på Litlesotra, også sett i forhold til eit nytt fastlandssamband, før det vert gjeve byggjeløyve. Mindretalet ville også at utbyggingstakten skulle gå over minst 20 år, avgrensa til 200 bueiningar i løpet av dei første 10 åra.
Eit oversendingsforslag frå Arbeiderpartiet vart vedteke sendt over til komité for plan og utvikling. Forslaget omhandla etterslep av utbygging av vatn, avlaup og gang- og sykkelvegar. I dette oversendingsforslaget vert det også oppmoda om straks å starta opp med reguleringa av strekninga mellom Kolltveit og Fjell ungdomsskule.
Godkjente plan for Blommen
Kommunestyret godkjente samrøystes reguleringsplan for Blommen, Nordre Fjell. Planen legg til rette for 48 nye bustadeiningar og infrastruktur. Også her er det lagt inn krav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule før det vert gjeve bruksløyve til bustadene.
Oreigningsak på Haganes vart utsett
Kommunestyret behandla Hellesmyra AS sin søknad om å gjennomføra oreigning av grunn for å få gjennomført utviding og opprusting av eksisterande tilkomst frå fylkesveg 204 med etablering av fortau og utvida snu/parkeringsplass i enden av vegen. Saka vart sendt tilbake til komité for finans og forvaltning for gjennomgang av dei ulike dokumenta før saka kjem tilbake til kommunestyret.
Godkjente plangrunnlag for medisinsk senter
Det vart på møtet i går gjeve klarsignal for å engasjera arkitekt for å utforma eit skisseprosjekt for det planlagte lokalmedisinske senteret på Straume. Kommunestyret godkjente også plangrunnlaget for senteret. Dette senteret er ei fullføring av samhandlingsprosjektet "Betre saman". Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har allereie etablert intermediær avdeling på Straume med seks senger som eit pilotprosjekt til det lokalmedisinske senteret. Dersom alt går etter planen kan eit nytt lokalmedisinsk senter på Straume stå klar til bruk i 2015.
Godkjente idrettsplan
Kommunestyret godkjente samrøystes kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 "Alle i aktivitet". Denne planen er eit overordna politisk styringsdokument innan områda idrett og fysisk aktivitet og skal vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Planen legg til rette for at folk kan vera fysisk aktive, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn. Det er særleg lagt vekt på eit aktivt friluftsliv ettersom dette vert rekna som eit lågterkseltilbod som alle kan ta del i.
Val
For å etterkoma kravet om kjønnsbalanse, vart det gjort ein del endringar i samansetjinga av styret i Sotra Brannvern. Fjell kommune sine faste medlemer i styret vert etter dette Svein Bergh, Bjørn Rathem og Else Johnsen Aase. Vararepresentantar vert Jan Arild Karlsen, Trude Farstad og Jan K. Mathiassen.
Odd Bjarne Skogestad vart valt som kommunalt medlem i kyrkjeleg fellesråd. Val av medlem til gebyrutvalet vart utsett.
Andre saker i kommunestyret i går
- Reguleringsendring for ny offentleg veg mellom Straume Næringspark og Ebbesvika vart godkjent samrøystes.
- Kommunestyret godkjente lovpålagte avtalar mellom kommunar og helseføretak knytt til samhandlingsreforma og grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane i lokalsjukehusområdet
- Kommunestyret drøfta ulike sider ved eigarskap
- Planen for folkevaldopplæring vart godkjent. To kveldsseminar vert erstatta med eit dagsseminar.
- Kommunestyret godkjente to søknader om fritak frå politiske verv
Orienteringar
BKK Nett orienterte om straumnettet i Fjell kommune. Ifølgje Ivar Magnus Natås og Kjell Skoglund er straumnettet i Fjell stabilt. Det er planar om oppgradering av nettet mellom Ågotnes og Kollsnes og mellom Bildøybakken og Ågotnes. Vidare skal det i 2012 leggjast kabel mellom Døsjø og Straume Næringspark. Det er også planar om oppgradering av nettet andre stader på Litlesotra.
Ivar Magnus Natås
Ivar Magnus Natås
Ordførar Eli Årdal Berland orienterte om status for Sotrasambandet. Tidsskjemaet er stramt for å få prosjektet med i Nasjonal transportplan (NTP). Tidleg i februar vil Statens vegvesen presentera framlegget til kommunedelplan for Sotrasambandet mellom Storavatnet og Kolltveit. Fjell kommune vil venteleg be Statens vegvesen å leggja planen ut til offentleg høyring i seks veker. Vegkontoret vil så på grunnlag av innkomne merknader leggja fram den endelege kommunedelplanen for behandling i Fjell og Bergen kommunar i mai.
Hordaland fylkesting tek sikte på å behandla kommunedelplanen 12. juni. Dermed skal dei nødvendige vedtaka vera på plass for å koma med i NTP. Framlegget til NTP vert lagt fram av vegetaten 29. februar. Transportplanen vert endeleg vedteken av Stortinget i 2013.
Tekst: Vigleik Brekke