Google
Skriv ut print

Godkjente plan for bygging av 212 bustadeiningar på Straumsfjellet


Kommunestyret vedtok torsdag (27.01) å godkjenna reguleringsplanen for Straumsfjellet Panorama.

Arbeidarpartiet og Venstre ville utsetja saka for å få utgreidd kapasiteten for avlaup i området. Etter at utsetjingsforslaget fall, vart reguleringsplanen samrøystes godkjent. Arbeidarpartiet hadde likevel ein protokolltilførsel der det vart gjeve uttrykk for stor uro for avlaupssituasjonen på Litlesotra.

Tiltakshavar Liegruppen/Panorama Boligutvikling har i planen lagt opp til eit reint bustadområde på Straumsfjellet med 212 einingar som kvar har eit areal på 50 til 120 kvadratmeter. I tillegg er det lagt til rette for 276 parkeringsplassar i anlegg under terreng.

Godkjente fem andre planar

I tillegg til reguleringsplanen for Straumfjellet, godkjente kommunestyret fem andre reguleringsplanar. Med unnatak av planen for Midtre Fjell, vart alle planane samrøystes godkjente.

 
Plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen orienterte kommunestyret om reguleringsplanen for AnglavikaPlan- og utbyggingssjef Willy Sørensen orienterte kommunestyret om reguleringsplanen for Anglavika
Plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen orienterte kommunestyret om reguleringsplanen for Anglavika.

- Plan for Anglavika
Denne planen omfattar inntil 13 nye einebustader og tre naust. Fylkesmannen har gjeve motsegn til planen, og kommunestyret vurderte fleire alternativ. Planen vart godkjent, men kommunestyret vedtok at dei delane av planen som det er motsegn mot, ikkje skal ha rettsverknad. Dei delane av planen som har fått motsegn og som eventuelt er utan rettsverknad, må sendast via Fylkesmannen til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

- Plan for Ørnhaugen kystlandsby, Langøyna
Planen omfattar 22 frittliggjande private fritidsbustader, 25 fritidsbustader for utleige i rekkje, 14 rorbuhusvære for utleige, leilegheitshotell med restaurant og serviceanlegg for hytteområdet. Det vert også lagt til rette for båthamn til om lag 80 småbåtar, badeplass og servicebygg.

- Plan for Midtre Fjell
Planen legg til rette for bygging av inntil 14 bustadeiningar i klyngetun. Planen vart vedteken med 42 mot ei røyst (Senterpartiet). Kommunestyret vedtok å fjerna ei formulering fremja i formannskapet om at utkjørsla i fylkesveg 555 ikkje skal vera til ulempe for drifta av ein nabogard.

- Plan for Valen
Denne planen gjeld for tre tomannsbustader. Etter motsegn frå Fylkesmannen, er planen endra på vesentlege punkt. Etter offentleg ettersyn, er det også gjort nokre mindre endringar i føresegnene.

- Plan for Stovebakken, Vågo.
Planen omfattar åtte nye bustader og riving av eín av dei eksisterande einebustadene. Etter offentleg ettersyn, er det gjort nokre mindre endringar i plankartet og føresegnene.

Fleire planar for Fjell festning

Kommunestyret vedtok at det skal utarbeidast ein strategisk plan for Fjell festning. Planen skal bestå av ein vernebruksplan og ein områdereguleringsplan. Det er mange ulike eigarar, interesser, innspel og føremål for festningsområdet. Kommunen sitt mål med kjøp av eigedomane på Fjell festning, er å utvikla området til eit frilufts-, fritids- og kulturområde. Rådmannen kjem tilbake med avklaring korleis eín million kroner til planarbeid skal finansierast.

Utsprenging i Vatlestraumen

Kommunestyret går samrøystes inn for at Kystverket får løyve til å sprengja eit grunnflak i Vatlestraumen som eit tryggleikstiltak. Kommunestyret ber om at Kystverket utarbeider ein informasjonsstrategi før tiltaket startar opp i 2011. Fjell kommune skal seinare, på fritt grunnlag, politisk handsama søknad om løyve til tiltaket i medhald av plan- og bygningslova. Grunnflaket ligg om lag 60 meter ut i leia frå Revskolten lykt.

Reviderte finansreglementet

Framlegget til revidert finansreglement vart samrøystes vedteke. Fleirtalet i komité for finans og forvaltning (KFF) hadde gått inn for at finansutvalet, som skal ta raske avgjerder, skulle vera både administrativt og politisk samansett. Etter at komitéleiar i KFF, Inge Ree, trekte forslaget, vart framlegget med ei mindre endring samrøystes vedteke.

Grensa for aksjar/aksjefond er i det reviderte reglementet auka frå 35 til 40 prosent av totalt forvalta kapital. Det kan vidare investerast inntil fem prosent i finansielle eigedomsfond og eigenkapitalbevis. Dette ligg innanfor grensa på 40 prosent av totalt forvalta kapital. 25 prosent av låneporteføljen skal ha fast rente.

Tilsyn i byggjesaker

Kommunestyretyret vedtok strategi for tilsyn i byggjesaker. Den nye plan- og bygningslova slår fast at tilsyn er ei kommunal oppgåve og plikt. Kommunen skal føra tilsyn på ein slik måte at regelbrot kan verta avdekt ved gjevne pålegg og når kommunen vert merksam på ulovlege forhold. Tilsynet skal basera seg på bekymringsmeldingar, søknader og kontrollsystem. Eit viktig mål med tilsynet er å redusera feil i byggjesaker til eit minimum. Tilsynet skal gjennomførast med noverande ressursar og kompetanse.

Oppfølging av ulovlege tilhøve

Kommunestyret godkjente ny prosedyre for oppfølging av ulovlege tilhøve. Den nye plan- og bygningslova legg opp til at det kan gjevast avslag, pålegg om riving og tvangsmulkt i eitt og same vedtak.

Verv i hamnerådet

Etter ordførar i Fjell Lars Lies og Sund-orførar Albrigt Sangolts bortgang, har kommunestyret gjort to vedtak om verv i Bergen og Omland havnevesen.

Ordførar Eli Årdal Berland vert nytt medlem i hamnerådet, medan Lars Olav Lie (Frp) vert nytt medlem i styret for Bergen og Omland havnevesen.

Suppleringsval av lekdommarar til Gulating Lagmannsrett

Det vart også gjennomført suppleringsval av meddommarar/lagrettemedlemer til Gulating lagmannsrett og 6 kvinner og 5 menn vert ein del av utvalet på 24.

 

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
28.01.2011
Sist oppdatert:
28.01.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom