Google
Skriv ut print

Godt arbeidsår for Gode Sirklar

Næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar AS har i 2010 lagt vekt på å kopla utdanning til næringsliv og samfunn gjennom Praksisnær undervisning. Dette arbeidet er gjort i samarbeid med næringslivet og forankra og innført i alle skulane. Andre satsingsområde i fjor har vore marin næring, reiseliv, kultur og kompetanseutvikling for regionalt næringsliv.

Dette går fram av årsmeldinga for Gode Sirklar for 2010. Eigarane av selskapet, Fjell, Sund og Øygarden, legg rammene, medan SINTEF har anvar for utvikling og drift av selskapet gjennom ein partnarskapsavtale. SINTEF tilfører selskapet forskingsbasert kompetanse frå eigen verksemd og andre kompetansemiljø.

Perler i NordsjøløypaPerler i Nordsjøløypa
"Perler i Nordsjøløypa" har fått status som ein av 10 pilotar i Verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren

I 2010 vart Gode Sirklar evaluert av Agderforskning. Selskapet kom svært godt ut av evalueringa, som også gav innspel til forbetringar av verksemda. - Ingen andre regionale utviklingsselskap i Noreg kan førebels syna til noko liknande, konkluderte rapporten.

Økonomi

Gode Sirklar hadde ein omsetnad på 8,9 millionar kroner i 2010 (2009: 6,7 mill.). Årsresultatet før skatt vart på om lag 216 tusen kroner. Eigarane (Fjell, Sund og Øygarden kommunar), har gjort vedtak om å gjera om eit lån på 10 millionar kroner om til eigenkapital og i tillegg auka eigenkapitalen med 10 millionar kroner. Styret skriv i årsmeldinga at med desse vedtaka i kommunestyra og så lenge den negative eigenkapitalen er innanfor ramma av det langsiktige rente- og avdragsfrie lånet frå Fjell kommune, er risikoen vurdert å vera minimal.

Gudmund Kvernes er dagleg leiar i Gode Sirklar ASGudmund Kvernes er dagleg leiar i Gode Sirklar AS
Gudmund Kvernes er dagleg leiar i Gode Sirklar AS

Ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, er leiar i styret for Gode Sirklar AS. Dagleg leiar er Sigmund Kvernes. I 2010 hadde selskapet ein prosess for å klargjera kva rolle Gode Sirklar skal ha i framtida. Det vart konkludert å satsa vidare på:

  • Forskingsbasert kunnskap kopla til lokal kompetanse og behov
  • Heilskapleg tilnærming mellom interessentar
  • Fokus på meirverdi gjennom samhandling
  • Balanse mellom profesjonalitet, dynamisk og innovativ nytenking

Publisert:
08.11.2011
Sist oppdatert:
08.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom