Google
Skriv ut print

Gratis kulturminnesafari i Fjell

- Ei oppleving som dette har fjellsokningane knapt opplevd før.

Det seier kultursjef Lennart Fjell som komande sundag 11. september kan gje deg gratis kultursafari med både kjente og ukjente kulturminne i Fjell. Fjell kommune kom på andreplass over beste program på Den norske kulturminnedagen. I grunngjevinga for heiderleg omtale vert det synt til at Fjell kommune har satsa stor på rydding av kulturminne. Heile 14 av 18 skular er med i "Rydd eit kulturminneaksjonen for 2011",  heiter det i pressemeldinga frå Kulturminnedagen.


Som følgje av det har kommunen fått 10 tusen kroner, og dette skal gje folk gode opplevingar. Arrangørar er Fjell Kulturminnelag, kultursjefen i Fjell kommune, Den kulturelle skulesekken, Gangstøgarden, Kolltveit skule, Misje skule og Museum vest.

LogeLoge

- Vi startar opp med oppmøte ved parkeringsplassen ved innkjøringa til Fjell festning. Det vert guida tur på festninga før vi dreg vidare til Kolltveit skule, Grótvika, Misje skule og Nordvikkverna før vi kjem tilbake til Fjell festning klokka 17.00, seier Lennart Fjell.

Først til mølla-prinsippet

Dei som vil vera med på gratis busstur, må melda seg innan torsdag 8. september. Kontakt Erika Kroken på e-post: erika.kroken@fjell.kommune.no

- Her er det først til mølla-prinsippet som gjeld. Dei som ikkje får plass i bussen, kan sjølvsagt følgja opplegget heilt eller delvis med eige transportmiddel, seier Fjell.

Her er programmet for dagen.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
05.09.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom