Google
Skriv ut print

- Gull verdt for samhandlingsreforma

- No ser de hausten av tre som er planta for fleire år sidan.

Det sa generalsekretær i Pensjonistforbundet, Harald Olimb Normann, då ein delegasjon på 30 personar frå Norsk Pensjonistforbund Hordaland var på besøk i Fjell i dag (31.05.) Delegasjonen fekk omvisning og informasjon om samhandlingsreforma i regionen .

Generalsekretær i Pensjonistforbundet Harald Olimb NormanGeneralsekretær i Pensjonistforbundet Harald Olimb Norman
Generalsekretær i Pensjonistforbundet Harald Olimb Norman

- Dette som er gjort her er gull verdt for samhandlingsreforma. Dette må spreiast rundt om i landet. Eg forstår godt at statsrådane kjem hit, sa Olimb Normann.

Etter at rådmann Steinar Nesse, helsesjef Terje Handal og rådgjevar Svein Fjelland hadde gjeve informasjon om Fjell og samhandlingsreforma, kom det mange spørsmål frå gjestene frå Pensjonistforbundet. Dei ville gjerne vita meir om medisinske tilbod for eldre, finansiering av samhandlingsreforma og om denne reforma vil gå ut over utbygging av sjukeheimsplassar. Det vart også stilt spørsmål om smertelindrande eining på Askøy som er klar til bruk våren 2012.

Rundt 30 representantar frå Pensjonistforbundet var på plass i kultursalenRundt 30 representantar frå Pensjonistforbundet var på plass i kultursalen
Rundt 30 representantar frå Pensjonistforbundet var på plass i kultursalen.

Representantane frå Fjell kommune gav informasjon om intermediær avdeling, lokalmedisinsk senter, Straume terapisenter, Straume dialysesatellitt, JordmorHeim, smertelindrande eining (palliativ avdeling) og nye Øyane distriktspsykiatriske senter.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
31.05.2011
Sist oppdatert:
31.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom