Google
Skriv ut print

Gulljenta kom heim i går kveld

Litt etter klokka 22.30 tysdag kveld (05.07.) landa OL-gullvinnar Ann Karin Uthaug på Bergen lufthavn Flesland. Ann Karin var ein sentral spelar på det norske handballaget under Special Olympics i Aten.

Laget slo Uruguay 12 -3 i finalen på fredag, og fjellsokningen var ein viktig spelar på laget og scora mange mål. Det norske laget vann alle kampane sine.

Varm velkomst for Ann Karin Uthaug.Varm velkomst for Ann Karin Uthaug.
Varm velkomst på Flesland. Frå venstre: Ordførar Eli Årdal Berland, Vidar Arnesen og Ann Karin Uthaug

- Det var kjempekjekt å koma heim og møta familien og venene på flyplassen. Ikkje minst var det flott at ordføraren møtte opp og gav meg roser og helsing frå kommunen, seier Ann Karin. Til vanleg trenar ho med eitt av handballaga til Sotra Sportsklubb ein gong i veka.

Det var ordførar Eli Årdal Berland og leiar i komité for drift, Vidar Arnesen, som tok imot Ann Karin Uthaug på vegner av Fjell kommune. Gulljenta fekk overrekt blomar og takk frå Fjell kommune. Også familie og vener var møtt opp på flyplassen seint tysdag kveld.

- Alt var kjekt

Ann Karin Uthaug har vore på utanlandsreise i to og ei halv veke. Etter å ha landa i Aten 18. juni, gjekk turen til Rhodos for avslapping og opplading i fire dagar før det braka laus med kampar i Aten.

- Kva har du likt best med opphaldet i Hellas?

- Eigentleg har alt vore kjekt. Eg har kost meg med både treningane, kampane, sol og bading. Det var også flott å møta Nest-Sotra United-gruppa som var til stades på ein av kampane våre, seier Uthaug.

Special Olympics er eit kjempestort arrangement med 7500 deltakarar frå 185 land i 22 idrettsgreiner. På mange måtar er arrangementet bygd opp som eit OL. Det norske landslaget i handball deltok med 12 spelarar og tre leiarar.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
06.07.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom