Leiar i transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget, Knut Arild Hareide (KrF), var på besøk på rådhuset i Fjell fredag ettermiddag.
KrF hadde invitert ordførarar og politikarar frå nabokommunane og fylkeskommunen til dialogmøte om Sotrasambandet.
Vestnytt-journalist Karstein Sæverås i samtale med Knut Arild Hareide
Vestnytt-journalist Karstein Sæverås intervjuar Knut Arild Hareide
- Eg skal følgja dette prosjektet det neste året og ønskjer ein vidare dialog. Eg har forståing for behovet for dette prosjektet, sa Hareide då han fredag ettermiddag oppsummerte møtet.
Hareide la vekt på at regionen må stå samla om eit så stort prosjekt som dette.
- Regionen si samla kraft er viktig. Hugs også å spela på lag med Statens vegvesen, sa Hareide.
Byråd i Bergen, Filip Rygg, fjellordførar Eli Årdal Berland, ordførar i Sund, Ove Bernt Trellevik, askøyordførar Siv Høgtun, varaordførar i Øygarden Anne-Grethe Solbakk og fylkestingsrepresentant Torill Selsvold Nyborg hadde innlegg om Sotrasambandet på møtet i ettermiddag. Deltakarane var samla om at det viktigaste i denne omgang er å få prosjektet med i Nasjonal transportplan 2013-2017.
Presenterer plan for sambandet på måndag
Komande måndag presenterer Statens vegvesen framlegget til kommunedelplan for riksveg 555 Sotra-Bergen (Kolltveit-Storavatnet) i eit utvida formannskapsmøte der kommunestyret, næringslivet, nabokommunar, media og andre aktørar vert til stades. Etter planen kjem saka opp til behandling i formannskapet 27. februar med sikte på at planen vert vedteken lagt ut til offentleg høyring i seks veker. Det er Statens vegvesen som administrerer høyringa.
Framlegget til Nasjonal transportplan (NTP) vert lagt fram 29. februar. Målet er at Bergen og Fjell kommunar gjer endeleg vedtak for kommunedelplanen slik at fylket kan gje uttale til NTP på fylkestingsmøtet 12. juni. NTP er klar for endeleg behandling i Stortinget våren 2013.
Tekst og foto: Vigleik Brekke