Google
Skriv ut print

Heile Noreg har svara JA

Norsk Folkehjelp TS-aksjonen NRK 23. okt. logoNorsk Folkehjelp TS-aksjonen NRK 23. okt. logotil å vera med på ryddeaksjonen til Norsk Folkehjelp. Stor frivillig innsats, og stor givarglede har resultert i beste TV-aksjon gjennom tidene med over 208 millionar kroner for heile landet.

Fjellsokningane har gitt eit solid bidrag til dette beløpet med 466,734 kroner i bøssene, og totalt innsamla beløp for Fjell utgjer 37,69 kr per innbyggjar dagen etter aksjonen. Eit flott resultat sjølv om vi kanskje ikkje rekk opp til rekorden for Fjell som i 2010 var på 42,48 per innbyggjar.

Det er eit stort apparat i sving for å få til ein aksjon som dette, og i Fjell har det gått med ca 1500 frivillige og entusiastiske timar fordelt på kring 300 personar. Mange barn deltok i aksjonen saman med foreldra sine, både i dør til dør aksjonen, og som teljekorps i banken. Med dei siste bøsseberarane, som kom på plass berre timar før aksjonen, vart resultatet at dei aller fleste husstandane i kommunen vår fekk besøk av ein bøsseberar også i år.

Kommunekomiteen for TV-aksjonen i Fjell takkar for givargleda, og er svært takknemleg for den store og flotte dugnadsinnsatsen alle frivillige har utført for TV-aksjonen 2011. Vi vil gjerne få retta ein STOR TAKK til alle som har vore med! I tillegg ønskjer vi Norsk Folkehjelp lykke til med arbeidet med å rydda miner og klasebomber.

Som vanleg er sluttresultatet for Fjell og for resten av landet først klart litt ut i veka. Oppdaterte resultat finn du her http://www.nrk.no/tvaksjonen/

Tekst: Anita Leganger


Publisert:
24.10.2011
Sist oppdatert:
24.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom