Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til ungdom i alderen 13-20 år. Vi er ein del av helsestasjonstenesta og eit samarbeid mellom Fjell, Sund og Øygarden kommune. På helsestasjon for ungdom møter du helsesøster og lege. Tilbodet er gratis og ein treng ikkje bestille time. Vi held til på Sartor Storsenter i samme lokale som Basecamp (opp trappa v/ informasjonen i senteret).
Vi har frå 30 september utvida åpningstida med ein time torsdag ettermiddag. Vi har også fått mannleg lege på torsdagar. Jenter og gutar er velkomen begge dagene, men vi håper med dette å få fleire gutar til å oppsøke helsestasjon for ungdom.
Oppdaterte åpningstider er:
Mandag: 13.00-16.30 - kvinneleg lege mellom kl 14.30 - 16.30
Torsdag: 14.00-16.30 - mannleg lege mellom kl 15.00 - 16.30
NB! Stengt når skulen har ferie!
Du kan også ta kontakt på telefon 97 48 21 75 dersom du har spørsmål eller vil snakke med helsesøster.