Google
Skriv ut print

Heltane kom heim

Det var stor jubel då Nest-Sotra United-troppen kom ut i hallen på Bergen lufthavn Flesland seint onsdag kveld. Med fjellordførar Eli Årdal Berland i spissen kunne ein stor flokk ta imot dei lokale heltane frå Special Olympics i Aten.

Camilla Jacobsen og ordførar i Fjell, Eli Årdal BerlandCamilla Jacobsen og ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland
Camilla Jacobsen og ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland

Fotballaget frå Fjell, som også har spelarar frå nabokommunane Sund, Øygarden og Bergen, vann bronse og kan sjå tilbake på eit minne for livet med litt ferie på Rhodos og harde konkurransdagar i Aten. Inklusive lagleiarar, familie og følgje, var troppen på rundt 70 personar.

Ein av heltane som fekk mange klemmar i går kveld, var Camilla Jacobsen frå Ågotnes. Ho scora sigersmålet mot Kina i den siste kampen.

- Når eg hadde scora kom tårene. Alle jubla og eg sprang bort mot sidelinja og tribunen og fekk hyllest. Når kampen var over, la me oss ned på grasmatta av rein glede.

Det største idrettsarrangement i verda

Nest-Sotra United representerte Noreg under Special Olympics i Aten. Det vart samla inn over 700 tusen kroner til prosjektet, og alle dei 24 spelarane på laget med følgje fekk vera med på turen. Dei første fem dagane var både spelargruppa og supportargruppa vore samla på Rhodos til trening og fellesskap. Spescial Olympics er det største idrettsarrangementet i verda med rundt 7 500 utøvarar. Organisasjonen i Noreg er etablert som ein del av den internasjonale Special Olympics-rørsla for å arbeida for idrett for menneske med utviklingshemming.

Torborg Hareide BreivikTorborg Hareide Breivik
Torborg Hareide Breivik

Lagleiar Tove Iren Vindenes seier at alle forventningane til turen vart innfridde.

- Det har vore ei profesjonell ramme omkring heile arrangementet. Deltakarane har budd på femstjernes hotell, og konkurransane vart gjennomførte profesjonelt og skikkelig. Det har vore eit svært godt samhald i troppen, og alle deltakarane har vore ambassadørar. Eg gler meg over at laget har fått så stor merksemd i media, og eg håpar at dette kan inspirera andre lag til å gjera noko liknande, seier Vindenes.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
07.07.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom