Google
Skriv ut print

Historisk "byplan" vedteken i kommunestyret

Fjell kommunestyret har i dag (16.06.) godkjent områdereguleringsplanen for Straume sentrum. Dermed har kommunestyret godkjent den mest omfattande og kompliserte planen i Fjell nokosinne.

Før behandlinga i formannskapet var to av tre motsegn frå Fylkesmannen trekt tilbake. Etter nytt møte med Fylkesmannen, fremja ordførar Eli Årdal Berland eit endringsforslag i kommunstyret. På bakgrunn av desse endringane, kan planen eigengodkjennast.

1500 parkeringsplassar

Ei tidleare ramme på 2155 parkeringsplassar er nå teken vekk. Vedtaket i kommunestyret i dag innebér at det skal byggjast ein fjellhall for parkering under Straume sentrum og at 1500 parkeringsplassar kan byggjast med tilkomst sør i planområdet. Det skal vidare lokaliserast park and ride-anlegg og kollektivterminal i den nordre delen av planområdet. Inntil vidare skal det setjast av minimum to hundre parkeringsplassar til park and ride og at anlegget på sikt skal utvidast til fire hundre plassar. Kommunen skal seinare behandla ei sak om kva parkeringspolitikk Fjell kommune skal ha.

Planområdet er på 107 dekar og legg opp til ei samla utbygging på om lag 96 tusen kvadratmeter i tillegg til det eksisterande arealet på rundt 83 tusen kvadratmeter. Målet med planen er å skapa ein bystruktur og leggja til rette for nye og samansette funksjonar. Planen vert fremja av Fjell kommune og er utarbeidd i samarbeid med Sartor Holding.

Uavhengige fremja eit forslag med åtte tilleggspunkt. Ingen av tilleggspunkta vart vedtekne.

 

Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert:
16.06.2011
Sist oppdatert:
16.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom