Meteorologisk institutt melder om risiko for høg vasstand på Vestlandet fredag og laurdag. Risikoen er rekna til 50 -110 centimeter over det som er oppgjeve i tidevasstabellane.
Det er venta store nedbørsmengder og raskt auka vassføring i bekker og mindre elver i vestlandsfylka i perioden fredag til måndag.
Les meir på yr.no og heimesida til Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.