Frå tysdag 1. november 2011 til 15. april 2012 må alle som kjører med piggdekk innanfor kommunegrensa til Bergen betala gebyr.
Det er plassert oblatautomat i Knarrvika like ved Sotrabrua. Dei som tidlegare har kjøpt sesongoblat, har automatisk fått tilsendt giro for komande sesong. På heimesida til Bergen kommune kan du lesa meir om korleis du kan tinga piggdekkoblat for komande sesong. Piggdekkgebyret i Bergen er innført for å vera om luft og helse.