Google

Ja til nytt samhandlingsprosjekt

Komité for drift slutta seg i kveld (10.05.) samrøystes til at Fjell kommune vert med i eit samarbeid om drift av fire palliative plassar (lindrande behandling) lokalisert på Kleppestø sykehjem på Askøy. Planlagt oppstart for prosjektet er våren 2012.

"Lindrende enhet" er eit prosjekt der kommunane samarbeider med Kreftforeningen, Helse Bergen, Kompetansesenter i lindrende behandling og Helse Vest. Tilbodet rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose.

Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år. Med den modellen som er lagt til grunn, vil Fjell kommune sin del av kostnaden verta om lag 1,2 millionar kroner. Det er venta at statsbudsjettet for 2012 vil seia kor mykje ekstramidlar kvar kommune vil få til samhandlingsreforma.

Drøfta plan for idrett og fysisk aktivitet

Komitéen hadde kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet oppe som drøftingssak.

Friluftsliv er ein viktig del av planen
Friluftsliv er ein viktig del av planen

Visjon for planen er "Alle i aktivitet". I presentasjonen av utkastet til plan la samfunnsplanleggjar Hanna Gjesdal vekt på at planen er avhengig av mange frivillige aktørar. I planen vert Fjell idrettsråd som representant og talerør i kommunen styrka. Fjell Frivilligsentral er tenkt ei koordinerande rolle. Idretts- og nærmiljøanlegg skal fremja aktivitetsvariasjon på tvers av generasjonar og funksjonsnivå. Innan friluftsliv vert det lagt til rette for turløypenett, sikring av friluftsområde, tilgang til strandsone og tilrettelegging for universell utforming.

Tema som vart tekne opp i drøftinga av planen var mellom anna:

- Off Road-løype i tilknyting til turløype
- Organisasjonsmodell for den nye fleirbrukshallen
  Sikra at både små og store idrettslag får vera med i ordninga med
  bruk og utlån av hallen
- Prioritering av tiltak som ikkje er kostbare

Denne kommunedelplanen har ein stram tidsplan og skal etter planen opp i komitéen til behandling i juni og i kommunestyret 16. juni. Planen skal så ut til offentleg høyring til midten av september. Det nye kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Andre saker i komité for drift

- Høyringsuttale om raskare busetjing av flyktningar

- Val av kandidatar til styret i Foreininga Basecamp
  ungdomsdiakonitiltak 2011. Det vart vedteke at klubbleiar for
  kommunale ungdomsklubbar vert valt for to år fram til 31.12.2012.
  Barnevernsleiar vart valt som varamedlem fram til 31.12.2011.

Det var orientering om PPT ved leiar Jogeir Sognnæs og kommunepsykolog Marit Bjørkhaug som orienterte om kommunepsykologtenesta for vaksne.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
10.05.2011
Sist oppdatert:
10.05.2011
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom