Ein delegasjon på 35 personar frå Kommunenes Sentralforbund (KS) var på besøk i Fjell onsdag 01.09. I samband med den årlege KS-dagen, fordelte seks delegasjonar seg på besøk i Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Fjell, Lindås, Meland og Os.
Verten for KS-delegasjone Nurket Klem, overrekte gåve til rådmann Steinar Nesse
Verten for KS-delegasjonen, Nurket Klem, overrekte gåve til rådmann Steinar Nesse.
Det var ordførar Eli Årdal Berland som ønskte delegasjonen velkomen. I løpet av to timar fekk dei KS-tilsette informasjon om Fjell kommune og den omfattande aktiviteten som prega første halvår 2010. Det vart også gjeve informasjon om omdømeprosjektet og personalpolitiske tema som coachingbasert leiing, sjukefråvær og samhandling med arbeidstakarorganisasjonane i Fjell.
Tekst og foto: Vigleik Brekke