BKK planlegg å leggja eksisterande 300 kilovolt kraftlinje mellom transformatorstasjonane på Breivik i Bergen og Arefjord i Fjell som jord- og sjøkabel. Dette vert truleg gjort dersom Bergen og Fjell kommunar vedtek å byggja nytt sotrasamband med ny bru i fire felt i den såkalla høgspenttraséen.
Høgspentlinja ligg så nær den planlagte firefelts brua at det er nødvendig å flytta linja. På formannskapsmøtet i går opplyste prosjektansvarleg i BKK, Øystein Randal Berge, at det ikkje er fagleg forsvarleg å leggja kabelen i sjølve brua. Reetableringa av ny kraftlinje kan ikkje gjennomførast før alternativ kraftlinje (420 kilovolt) mellom Modalen., Mongstad og Kollsnes er på plass. Lutfleidning er kostnadsrekna til 50-60 millionar kroner, medan jord- og sjøkabel er rekna å kosta om lag 180 millionar kroner. Desse kostnadene vert belasta vegprosjektet.

Øystein Randal Berge
- Det er all grunn til å tru at kraftlinja mellom Modalen, Mongstad og Kollsnes er ferdig bygt ut før forventa oppstart av nytt sotrasamband i 2017. Etter at kommunedelplanen er vedteken, kan det vera fornuftig av Fjell kommune å be BKK å starta opp prosessen med å søkja om konsesjon for ein ny kabel mellom Breivik og Arefjord, sa Randal Berge.
Parsellen Arefjord - Storavatnet
Prosjektleiar i Statens vegvesen, Magnus Natås, orienterte om kommunedelplanen for fastlandssambandet for delparsellen mellom Arefjord og Sotravatnet. Innanfor konsept F (nytt hovudsamband med ny bru med fire felt om lag 400 meter sør for eksisterande bru) er det berre eitt alternativ på sotrasida mellom Arefjord og sjølve brua. På bergenssida er det to alternativ i F-konseptet. Det eine (C7/C9) har kort tunnel frå brufestet og deretter utviding av eksisterande veg/tunnelar til Storavatnet i fire felt. Eksisterande veg vert lokalveg, og det vert kollektivfelt på den nye brua.
I det andre alternativet på bergenssida (C7) vert det bygd lang tunnel (to kilometer) i fire felt fram til Storavatnet. Kollektivtransporten vil i dette alternativet på riksveg 555 få eigne felt (unntatt på eksisterande bru). Alternativet med lang tunnel kostar mellom fem og seks hundre millionar kroner meir enn alternativet med kort tunnel.
Det andre konseptet (J) følgjer noverande trasé for riksveg 555 med to nye felt og ny tofelts-bru like nord for eksisterande bru (J102). Det vert blanda trafikk i alle fire felta og ikkje kollektivfelt eller separat lokalvegsamband. I eit anna alternativ (J101) i konsept J er det lagt opp til at to av kjørefelta skal vera avgrensa til kollektivtransport. Grunnen til at samferdsledepartementet ville at også dette konseptet skulle utgreiast, var at det er rimelegare enn konsept F (ny bru med fire felt).
Fleire møte om kommunedelplanen
Det vert lagt opp til nytt møte i formannskapet 23. april med kommunedelplan for fastlandssambandet som tema. Då vert fleire næringslivstoppar invitert til møtet. Det vert då også gjeve oppdaterte kostnadstal. Dette vil gjera det mogleg å setja saman ulike trafikkelement til vegpakken og rekna ut dei vil kosta. På bakgrunn av dette kan ein under visse føresetnader rekna ut bompengesatsar.
Etter eit ordinært formannskapsmøte 30. april, er det klart for nytt formannskapsmøte om Sotrasambandet 7. mai. Då er det aktuelt med synfaring.
Ordførar Eli Årdal Berland orienterte om eit utkast til uttale om Nasjonal transportplan (NTP) i regi av Regionrådet Vest. Formannskapet gav eit klart signal om å prioritera uttale frå Fjell kommune.
Ordføraren opplyste også at forhandlingsutvalet om Sotrasambandet skal ha møte med Bergen kommune denne veka.
Tekst og foto: Vigleik Brekke