Google
Skriv ut print

Klar for arbeid med trafikksikring

Komité for drift (KD) godkjente i går (8. november) planprogrammet for kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/2020.

Rådmannen hadde føreslått at det skulle opprettast ei administrativt arbeidsgruppe og at ein saksordførar skulle vera bindeleddet mellom arbeidsgruppa og komitéen som styringsgruppe. På møtet i går støtta komíteen i hovudsak ei slik organisering, men det var likevel eit ønske om sterkare politisk deltaking. Det vart difor vedteke at komitéen skal gjennomføra synfaring ved behov og at det skal vera orientering og drøfting av planarbeidet i komitéen sine møte. Kirsten Syljeseth (H) vart valt som saksordførar for planarbeidet.

Frå møtet i komité for drift i gårFrå møtet i komité for drift i går
Frå møtet i komité for drift i går

Skal tilsetja fysioterapeut

Komitéen ber rådmannen å tilsetja ein fysioterapeut knytt til Straume terapisenter. I framlegget til 2012-budsjett er ei kommunal badevaktordning i samarbeid med Vestkantsvømmerne teke ut, men det er sett av 500 tusen kroner til tilsyn/vaktordning i terapibassenget.

Erfaringa med prøveprosjektet med Vestkantsvømmerne er god, men det er også ønske om å tilby meir aktivitet og målretta trening i bassenget på dagtid. På møtet i går støtta komitéen eit framlegg frå rådmannen om å tilsetja ein fysioterapeut delvis finansiert med fastlønstilskot frå staten og å bruka resten av dei avsette midlane til ein ny avtale om tilsyn og bruk av bassenget på ettermiddagstid, kveldstid og helg.

Budsjett for 2012

Komitéen fekk presentasjon av rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2012 og økonomiplan for 2012-2015. Budsjettet for 2012 er gjort opp i balanse utan bruk av disposisjonsfond, og rådmannen understrekar at det er eit stramt budsjett. Budsjettet har ei ramme på 1,271 milliardar kroner. Det er budsjettert med ein reduksjon i stillingar tilsvarande knapt 33 årsverk. Det er føreslått å auka gebyrsatsane og eigenbetalingar med fem til 15 prosent. I saksframlegget er det lista opp døme på innsparingstiltak i 2012:

  • Praksisnær undervisning er teke ut
  • Frukt og grønt i skulen er teke ut frå hausten
  • Reduksjon i tilskot til lag og organisasjonar
  • Redusert drift av terapibassenget
  • Kommunal badevaktordning er teke ut

Det er lagt opp til investeringar for 97 millionar kroner ekskl. etablerings- og utbetringslån i 2012. Investeringsnivået er føreslått gradvis redusert i resten av økonomiplanperioden fram til 2015.

Komitéen drøfta ikkje konkrete framlegg til endringar i går, men tok saka til orientering. Etter ny behandling i komité for finans og forvaltning og formannskapet, skal kommunestyret gjera endeleg vedtak 15. desember.

Økonomirapport 2. tertial

Komité for drift tok referatsaka om økonomirapport 2. tertial til etterretning. Etter vedtak om fleire innsparingstiltak etter 1. tertialrapport, er det budsjetterte underskotet i 2012 redusert frå 14,2 millionar kroner til 10,4 millionar kroner. Seinare er det avklart at ekstraordinært utbyte frå BKK skal førast i investeringsrekneskapen, og dermed får driftsrekneskapen auka underskotet tilsvarande. Ein auke i dei frie inntektene på rundt fire millionar kroner, dekkjer inn noko av bortfallet av utbytet frå BKK. Det ligg føre forslag om å endra netto driftsresultat frå 10,4 millionar kroner til 15,3 millionar kroner og at dette vert dekka av disposisjonsfondet. Saka går til kommunestyret.

Andre saker i komité for drift (KD)

Nye vegnamn
Komitéen fastsette namn på fem nye vegnamn på vegar ved bustadfelt, hyttefelt og industriområde. Dei nye vegnamna er Breivikskorane, Kubbedalen, Vikaleitevegen, Sørheimsvegen og Tellnes næringspark.

Representant til UKS
Som fast kontaktperson for ungdommens kommunestyre (UKS) vart valt varaordførar Odd Bjarne Skogestad (KrF).


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
09.11.2011
Sist oppdatert:
09.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom