Komité for drift gjekk i går (6. desember) samrøystes inn for å godkjenna kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 «Alle i aktivitet».

Denne planen er eit overordna politisk styringsdokument innan område idrett og fysisk aktivitet og skal vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Planen legg til rette for at folk kan vera fysisk aktive, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn. Det er særleg lagt vekt på eit aktivt friluftsliv ettersom dette vert rekna som eit lågterkseltilbod som alle kan ta del i. Planen går no til endeleg avgjerd i kommunestyret.
Reviderte retningslinjer for utleige av Fjell kulturhus
Noverande retningslinjer for utleige av Fjell kulturhus har ikkje vore reviderte sidan kulturhuset var nytt. KD godkjende i går framlegget til nye retningslinjer. Dette inneber mellom anna vidareføring av ordninga med at lag og organisasjonar kan leiga kultursalen gratis med unnatak av leige til framsyningar/arrangement der laget har billettpris. Ved fleire enn tre framsyningar/arrangement med billettpris, skal det betalast halv leige frå og med den fjerde framsyninga.
Med dei nye retningslinjene vert det nye leigeprisar, både for leige av lokale og leige av AV-utstyr. Rådmannen skriv i saka at sjølv om prislista no vert justert, har Fjell framleis låg leigepris samanlikna med andre kommunar.
Høyring om endringar i opplæringslova
Kunnskapsdepartermentet har sendt ut framlegg til endringar i opplæringslova om lærartettleik. Regjeringa føreslår å lovfesta nasjonale reglar og presenterer to modellar. Den eine modellen er lovfesting av lærartettleik på den enkelte skule, medan den andre modellen lovfestar gjennomsnittleg lærartettleik i den enkelte kommune.
Fleirtalet i komitéen (H, FrP, KrF og Sotralista) er samd med fråsegna til KS og går imot departementet sitt framlegg om nasjonale normer for lærtettleik. Mindretalet (Ap) støttar departementet sitt framlegg til endringar. Rådmannen vil ta utgangspunkt i komitéen sitt vedtak om å slutta seg til KS sin uttale i fråsegna som vert sendt til departementet.
Andre saker i KD
- I samband med rullering av kommunedelplan for idretts- og friluftsliv, vedtok komitéen prioritering av søknader om spelemidlar for tildelingsåret 2012.
- Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell (referatsak)
- Statusmøte mellom Ungdommens kommunestyre (UKS) og KD vart utsett.
- Under posten "Ymse" vart det samrøystes vedteke å be administrasjonen å koma tilbake med ei sak om oppretting av barnehageutval.
Tekst: Vigleik Brekke