Google
Skriv ut print

Klart for kranselag på Hjelteryggen skule

Takstolar på første halvdel av nybygget ved Hjelteryggen skule vart heiste på plass måndag 29.11.10. Siste halvdel kjem på plass onsdag 01.12.10. Er vi heldige med vêr og leveranse av sutaksplater, vil vi ha sutak på plass i løpet av denne veka (veke 48).

Nybygget vert ny administrasjonsavdeling til barneskulen med arbeidsrom, kontor, møterom, personalrom og –garderobar. I dette bygget vert dei pedagogiske førebuingane og etter¬arbeidet gjort. Tidlegare administrasjonsavdeling i eksisterande bygg vil verta bygd om til klasserom og bibliotek. Vidare vil eitt klasserom verta bygd om til base med grupperom med særleg tilpasning. I tillegg kjem mindre endringar og oppussing av bygget. Endeleg vil det verta utført tiltak for å betra trafikk- og parkerings¬forholda ved skulen.

Kommunestyret har godkjent ei kostnadsramme på om lag 20 mill for prosjektet.

Nybygg Hjelteryggen skuleNybygg Hjelteryggen skule

Tekst: Eigedomssjef Atle Justad
Foto: Egil Lønningen

 


Publisert:
01.12.2010
Sist oppdatert:
01.12.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom