Google
Skriv ut print

Komitéar drøftar 2012-budsjettet

Komité for drift (KD) og komité for finans og forvaltning (KFF) har på sine møte tysdag 8. november budsjettet for 2012 som den store saka.

Stramt budsjett

Budsjettet for 2012 er gjort opp i balanse utan bruk av disposisjonsfond, og rådmannen understrekar at det er eit stramt budsjett. Budsjettet har ei ramme på 1,271 milliardar kroner. Det er budsjettert med ein reduksjon i stillingar tilsvarande knapt 33 årsverk. Det er føreslått å auka gebyrsatsane og eigenbetalingar med fem til 15 prosent. I saksframlegget er det lista opp døme på innsparingstiltak i 2012: 

  • Praksisnær undervisning er teke ut
  • Frukt og grønt er teke ut frå hausten
  •  Reduksjon i tilskot til lag og organisasjonar
  •  Redusert drift av terapibassenget
  •  Kommunal badevaktordning er teke ut

 Framsida på dokumentetFramsida på dokumentet

Rådmannen går inn for at dei tenestene som no verte reduserte, vert gradvis styrka opp i dei komande åra.

Det er lagt opp til investeringar for 97 millionar kroner ekskl. etablerings- og utbetringslån i 2012. Investeringsnivået er føreslått gradvis redusert i resten av økonomiplanperioden fram til 2015.

Økonomirapport 2. tertial

Etter vedtak om fleire innsparingstiltak etter 1. tertialrapport, er det budsjetterte underskotet i 2012 redusert frå 14,2 millionar kroner til 10,4 millionar kroner. Seinare er det avklart at ekstraordinært utbyte frå BKK skal førast i investeringsrekneskapen, og dermed får driftsrekneskapen auka underskotet tilsvarande. Ein auke i dei frie inntektene på rundt fire millionar kroner, dekkjer inn noko av bortfallet av utbytet frå BKK. Som ein følgje av dette, føreslår rådmannen føreslår å endra netto driftsresultat frå 10,4 millionar kroner til 15,3 millionar kroner og at dette vert dekka av disposisjonsfondet.

Andre saker i komité for drift (KD)

Evaluering og vidare drift av Straume terapisenter
I budsjettet for 2012 er det sett av 500 tusen kroner til tilsyn/vaktordning i bassenget. Det vert føreslått å tilsetja eín fysioterapeut delvis finansiert med fastlønstilskot frå staten og å bruka resten av dei avsette midlane til ein ny avtale om tilsyn og bruk av bassenget på ettermiddagstid, kveldstid og helg.

Planprogram for trafikksikringsplan
Planprogrammet skal i korte trekk gjera greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og opplegget for medverknad. Det er føreslått at det vert utnemnt ein politisk saksordførar til planen.

Nye vegnamn
Det ligg føre forslag til fem ny vegnamn på vegar ved bustadfelt, hyttefelt og industriområde.

Representant til UKS
KD skal velja fast politisk kontaktperson for Ungdommens kommunestyre (UKS).

Andre saker i komité for finans og forvaltning (KFF)

Rutine for klagehandsaming
Råmannen føreslår ei førebels rutine for klagebehandling på vass- og avlaupsgebyr. Ordninga gjeld til kommunestyre har gjort vedtak til endring i § i forskrift om vass og avlaupsgebyr.

Avtale om bruk av kommunal eigedom
Rådmannen føreslår at Knappskog Vel får løyve til å nytta delar av Fjell kommune sin eigedom i Grotvika. Knappskog Vel har overteke aktivitetane etter Grotvika Vel.

Salsløyve for alkohol
Brunnpris Ågotnes AS skal starta opp med daglegvareforretning i dei tidlegare lokala til Spar Ågotnes. Rådmannen går inn for at den nye forretninga får løyve til sal av alkohol.

Arbeidsgjevarutval
Dersom KFF vil halda fram med arbeidsgjevarutval, må det veljast medlemer og varamedlemer til utvalet.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
03.11.2011
Sist oppdatert:
03.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom