I morgon, 24. november, skal kommunestyret ta endeleg stilling til fire reguleringsplanar. Mellom anna er reguleringsplan for Coast Center Base (SSB) og plan for kollektivfelt riksveg 555 Straume-Knarrvika klar for sluttbehandling. Kommunestyret skal også velja fleire styre og utval og behandla økonomirapport 2. tertial.
Plan for kollektivfelt mellom Straume og Knarrvika
Det ligg føre framlegg til reguleringsplan for sambruksfelt på riksveg 555 mellom Straume og Knarrvika. Det vert lagt til rette for utviding av riksveg 555 frå to til fire felt der dei to nye felta er reservert for kollektivtrafikk. Planen har lege ute til offentleg ettersyn. På bakgrunn av merknadene er det gjort nokre endringar og justeringar i planen. Den største endringa er at ny innfartsparkering på den såkalla "McDonald-tomta" vert teken ut av planen.
Plan for Coast Center Base, Ågotnes
Dette er ein plan som omfattar nærare 890 dekar for nærings- og industriareal og hamneområde på land og i sjø. Innkomne merknader gjeld mellom anna utfylling i Kvernavatnet.
Plan for Tona Sør, Valen
Planen legg til rette for 28 husvære med fellesareal og leikeplassar. Etter motsegn frå Fylkesmannen er planen endra på vesentlege punkt. Det reviderte framlegget har lege ute til nytt offentleg ettersyn.
Plan for Hesthagen, Brattholmen
Det vert i dette planframlegget lagt til rette for oppføring av sju bustader i felt som konsentrert/spreidd småhusbusetnad. Etter motsegn frå Fylkesmannen, er planen endra på vesentlege punkt og har lege ute til nytt offentleg ettersyn. Det er gjort nokre mindre endringar i føresegnene.
Økonomirapport 2. tertial
Etter vedtak om fleire innsparingstiltak etter 1. tertialrapport, er det budsjetterte underskotet i 2012 redusert frå 14,2 millionar kroner til 10,4 millionar kroner. Seinare er det avklart at ekstraordinært utbyte frå BKK skal førast i investeringsrekneskapen, og dermed får driftsrekneskapen auka underskotet tilsvarande. Ein auke i dei frie inntektene på rundt fire millionar kroner, dekkjer inn noko av bortfallet av utbytet frå BKK. Det ligg føre forslag om å endra netto driftsresultat frå 10,4 millionar kroner til 15,3 millionar kroner og at dette vert dekka av disposisjonsfondet.
Val av styre og utval
Kommunestyre skal velja ei rekkje styre og utval. Mellom anna skal det veljast styre for Sotra brannvern IKS, Fjell bustdstifting og Fjell kommunale pensjonskasse.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument. Møtet tek til klokka 17.00 og vert halde i kultursalen i rådhuset.