Google
Skriv ut print

Kommunestyret: Fjell vert med i Bergensalliansen

Med 25 mot ni røyster vedtok kommunestyret i går å verta medlem i Bergensalliansen. Kommunestyret vart halde i Tranevågen ungdomsskule som vart offisielt opna tidlegare på ettermiddagen (sjå eiga sak).

Bergensalliansen skal etter planen vera samansett av kommunane i det tidlegare Regionrådet Bergensregionen og Regionrådet Nordhordland IKS (interkommunale selskap). Alliansen skal vera ein ny strategisk møteplass for kommunane i området. Kommunestyret meiner at økonomien bør vuderast på nytt og at det ikkje bør opprettast eige sekretariat. I vedtaket heiter det at sekretariatsfunksjonen bør utførast av den kommunen som har leiaren i Bergensalliansen.

Vil vidareføra Gode Sirklar
Fjell kommunestyre vedtok i går at Fjell kommune for sin del vil vidareføra drifta av næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar med nokre mindre justeringar etter Agderforskning si evaluering av selskapet. Selskapet har oppnådd gode resultat, og kommunestyret vil at selskapet må sikrast ein stabil og god økonomi.  Fjell kommunestyre ønskjer å sikra det langsiktige kapitalbehovet til selskapet ved å  gjera om lånet på 10 millionar kroner til aksjekapital. Det er ein føresetnad at Sund og Øygarden kommune over tid gjer det same.

Ja til vidare drift av Gjerdet kulturminnegard
Kommunestyret slutta seg til ei skisse som sikrar vidare drift av Gjerdet kulturminnegard. Fjell kommune framleis skal stå som eigar av bygg og eigedom. Finansering av vidare drift av kulturminnegarden vert teke opp i samband med budsjetthandsaminga.

Delegerer hamneforvaltning
Bergen og Omland havnevesen (BOH) skal framleis stå for hamneforvaltninga på vegner av Fjell kommune. Det vedtok kommunestyret samrøystes. BOH har sidan 1990 hatt forvaltningsansvaret etter hamnelova. Etter ny hamne- og farvatnslov er dette forvaltningsansvaret lagt til den einskilde kommune. I fjor vedtok kommunestyret å delegera ansvaret fram til utgangen av 2010. Som følgje av at det er uavklart kvar ei ny storhamn skal lokaliserast og korleis ho skal organiserast,  får  hamnevesenet (BOH) vidareført ansvaret for hamneforvaltninga.

Lovbrotsgebyr
Kommunestyret vedtok samrøystes at rådmannen skal fastsetja lovbrotsgebyr i einskildsaker. Saker av prinsipiell karakter skal rådmannen drøfta med gebyrutvalet. Ordninga skal evaluerast etter ei prøvetid på to år.

Andre saker i kommunestyret
- Uttale til regional planstrategi i Hordaland fylkeskommune vart teken
  til etterretning
- Planprogram for kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal
  leggjast ut til offentleg ettersyn i seks veker. Komité for drift vert 
  styringsgruppe, og Anita Garlid Johannessen (Frp) vert saksordførar.
- 2. tertialrapport vart teken til etterretning.
- Public cafe&bar får skjenkeløyve, medan NG Kiwi Vest AS får
  salsløyve for alkohol
- Reguleringsplan, Bjorøyna (28 bueiningar) vart godkjent.
- Utbyggingsavtale, Litlakvilet (25 bueiningar med opparbeiding av
  veg, vatn og avlaup) vart godkjent.
 - Det vart teke stilling til klage på reguleringsplan for fylkesveg 209
   Grunnavågen-Foldnes.

Sotralista er formelt avvikla
På møtet i går opplyste leiar i Sotralista, Svein Bergh, at gruppa legg ned si politiske verksemd med verknad frå 28.10.2010. I eit skriv som vart levert til ordføraren går det fram at Sotralista sine medlemer i kommunestyret heretter møter som uavhengige representantar.

Om kort tid vert møtebok frå kommunestyret lagt ut på heimesida til Fjell kommune under Politikk - kommunestyret.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
29.10.2010
Sist oppdatert:
29.10.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom