Google
Skriv ut print

Kommunestyret drøftar Sotrasambandet

Kommunestyret skal komande torsdag (24. mars) drøfta to sentrale saker om Sotrasambandet.

Formannskapet ga innstilling i sakene 14. mars og innstilte i saka "Arbeidet med nytt sotrasamband" på at Fjell kommune er innforstått med at bygging av eit nytt sotrasamband innebér bompengefinansiering. Fleirtalet gjekk i tillegg inn for at alternative finansieringsformer også vert lagt til grunn når omfang og finansiering skal drøftast med nabokommunane, fylkeskommunen og vegkontoret.

I formannskapet si innstilling til kommunestyret vert det understreka kor viktig det er å oppnå semje mellom kommunane Bergen, Sund, Øygarden og Fjell om planprogram av ein to-delt kommuneplan for strekninga mellom Kolltveit og Liavatnet.

I framlegget til utvida planprogram gjekk formannskapet inn for å dela planarbeidet opp i to sjølvstendige kommunedelplanar. Den eine planen gjeld for strekninga mellom Kolltveit og Storavatnet, medan den andre planen omfattar strekninga mellom Storavatnet og Liavatnet.

I protokollen frå formannskapet 14. mars kan du lesa innstillinga i sakene.

Plan for Solsvik (Solplassen Solsvik)

Kommunestyret skal også ta endeleg stilling til reguleringsplan for Solsvik (Solplassen Solsvik). I innstillinga var det i føresegnene lagt inn rekkjefølgjekrav om at det skal opparbeidast ein tre kilometer lang gang- og sykkelveg frå planområdet til Landro barneskule. Fleirtalet i komité for plan og utvikling går inn for at dette kravet vert fjerna. Talet på einingar er etter tidlegare vedtak i KPU redusert frå 80 til 67. Talet på etasjar er redusert slik at det no berre er eí eining i fire etasjar, medan resten er i to og tre etasjar.

Vurdering av delegasjonsreglement

I april 2010 vedtok kommunestyret å endra ein del på reglementet for ansvarsfordeling av sakshandsaming knytt til ny plan- og bygningslov. KPU går inn for å trekkja tilbake to typar klagesaker som kommunestyret i april i år vedtok å delegera til rådmannen. På torsdag skal kommunestyret ta endeleg stilling til saka.

Andre saker i kommunestyret 24. mars

- Manifest mot mobbing
- Ekstra val av meddommarar til Gulating lagmannsrett

Saksdokument til kommunestyremøtet på torsdag finn du her.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
22.03.2011
Sist oppdatert:
22.03.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom