Google
Skriv ut print

Kommunestyret konstituerer seg

Komande torsdag (6. oktober) skal det nyvalde kommunestyret velja formannskap, ordførar, varaordførar, komitéar og fleire utval og nemnder.

Det er allereie avklart at Eli Årdal Berland (H) held fram som ordførar i Fjell og at Odd Bjarne Skogestad (KrF) vert valt som varaordførar. Etter avtale mellom Høgre, FrP og KrF skal Framstegspartiet ha leiarvervet i komité for drift (KD) og komité for finans og forvaltning (KFF). Høgre skal ha leiaren i komité for plan og utvikling (KPU).

KrF får nestleiarvervet i KD, medan FrP skal ha nestleiaren i KPU. Høgre får nestleiarvervet i KFF.

På kommunestyremøtet på torsdag legg dei samarbeidande partia fram tiltredingserklæring for heile kommunestyreperioden.

Her kan du lesa innkallinga med saksdokument.


Publisert:
04.10.2011
Sist oppdatert:
04.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom