I går fekk Ole Konrad Ekerhovd frå Fjell Kongens fortenstmedalje i sølv. Det var ordførar Eli Årdal Berland som delte ut medaljen på eit arrangement på Sotra vidaregåande skule i går kveld.
- I dag har eg ein av dei finaste oppgåvene ein ordførar kan få; å dela ut Kongens fortenstmedalje til ein mann som har vore så sentral i Fjell kommune si utvikling som det Ole Konrad Ekerhovd har vore, sa ordføraren då ho delte ut medaljen.
Eli Årdal Berland og Ole Konrad Ekerhovd
Eli Årdal Berland og Ole Konrad Ekerhovd. Foto: Elisabeth Netland, Vestnytt.
Ole Konrad Ekerhovd vart fødd i 1936 og vaks opp gå garden Ekerhovd. Han starta si yrkeskarriere som fiskar og fagarbeidar. Etter å ha teke pedagogisk utdanning, var han faglærar på opplæringssenteret (yrkesskulen) på Kolltveit. Seinare vart han undervisningsinspektør og assisterande rektor på Sotra vidaregåande skule.
Lang politisk karriere
Hans politiske karriere starta i 1968 og har veksla mellom kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Han var varaordførar i perioden 1996 til 2000. Det er særleg innanfor felta næring, utbygging og undervisning Ole Konrad Ekerhovd har vore engasjert. Han var mellom anna byggjeleiar for Ågotneshallen.
- Ole Konrad Ekerhovd har i over 45 år vore kontinuerleg pådrivar i utviklinga utbyggingskommunen Fjell, og hans samfunnsengasjement er eineståande. Han har alltid arbeidd løysingsorientert med fagleg breidde og auga for nytenking, sa Eli Årdal Berland.
Ho understreka også hans gode humør.
- I tillegg er han ein kjekk kar med strålande humør - det er aldri kjedeleg i Ole Konrad sitt selskap, sa ordføraren før ho delte ut medaljen.
Her kan du lesa heile talen.