Fjell kommune følgjer opp situasjonen etter tragedien på Utøya og i Oslo sentrum på fredag.
Fungerande rådmann, Lillian Torsvik opplyser at i tillegg til det nasjonale telefonnummeret for pårørande, kan folk ta kontakt med Sotra legevakt på tlf. 56 33 26 10. Her kan pårørande og andre ta kontakt for å få nokon å snakka med.
Kommunehelsetenesta ved kommunelegen og det kommunale kriseteamet er klar til å følgja opp overfor eventuelle pårørande. Det vert flagga på halv stang ved kommunale bygg.
Fungerande ordførar Georg Indrevik seier at det er heilt uverkeleg det som har skjedd.
- Det er grusomt at desse fine ungdomane på Utøya skal verta ramma slik. Tankane våre går no først og fremst til dei som er ramma og dei pårørande, seier Indrevik.
Gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, seier at situasjonen framleis er uavklart. Ho ber folk å følgja med på heimesidene til Arbeidarpartiet sentralt, Hordaland Arbeidarparti og politiet. Også på heimesida til Bergen kommune vert det gjeve oppdatert informasjon.
Det er oppretta eit nasjonalt pårørandetelefonnummer, 815 02 800. Dette nummeret er meint for pårørande som har grunn til å tru at nokre av dei næraste kan vera ramma av tragedien.
Nyttig informasjon om kriser og traumatiske opplevingar
Det er tilgjengeleg informasjon på ulike nettsider som omhandlar tema om vald, ekstreme påkjenningar og kva reaksjonar som gjer seg gjeldande i slike situasjonar.
Både Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) og Senter for krisepsykologi har lagt ut aktuelle artiklar i samband med tragedien.
Tekst: Vigleik Brekke