Google

Kontroll av Bjorøytunnelen

Statens vegvesen har nyleg gjennomført kontroll av betongen i Bjorøytunnelen. Overingeniør i Statens vegvesen, Åge Hagesæther, opplyser at dette var ein generell kontroll for å få undersøkt kvalitéten på betongen i tunnelen.

Vegvesenet nytta høvet til å gjennomføra denne kontrollen no ettersom om lag 80 meter av duken i tunnelen vart fjerna i samband med arbeidet med utdjupinga av Vatlestraumen.

- Det ser ikkje ut til at kvaliteten på betongen i tunnelen er svekka, og det er ingenting som tyder på at det er nødvendig å gjera noko med tunnelen no, seier Hagesæther.

Hagesæther opplyser at duken i tunnelen vert sett på plass så snart dei endelege resultata av prøvane av betongen ligg føre. Dette vil truleg skje i løpet av august. Han opplyser elles at saltet i vegbana er spylt vekk.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
11.07.2012
Sist oppdatert:
11.07.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom