Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk i går (17. januar) inn for å godkjenna den omfattande planen for Kolltveit vest som legg til rette for 373 bustader av variert storleik. Komitéen gjekk inn for at det skal stillast rekkjefølgjekrav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule.
Det tidlegare kravet om at det også skal byggjast gang- og sykkelveg fram til ungdomsskulen på Bildøy er ikkje no lagt inn som eit rekkjefølgjekrav. Men for denne strekninga skal det forhandlast om "anleggsbidrag".
Frå møtet i KPU i går.
Frå møtet i KPU i går.
Det er vidare krav om at tilfredsstillande anlegg/infrastruktur knytt til vassforsyning og avlaup skal vera utbygt, og det skal dokumenterast at det er tilstrekkeleg kapasitet til å levera sikker vassforsyning og at avlaupsanlegga tilfredsstiller krava til bortleiing/reinsing.
I tillegg til bustader omfattar planane ny barnehage, eksisterande industriområde og kulturminne. Planområdet ligg mellom Kolltveit og Blommen, om lag tre kilometer vest frå Straume og to kilometer nord for Fjell gard.
Kommunestyret tek endeleg stilling til reguleringsplanen.
Plan for Blommen, Nordre Fjell
Komtéen gjekk også inn for å godkjenna reguleringsplan for Blommen (Nordre Fjell). Planen legg til rette for 48 nye bustadeiningar og infrastruktur. Også her er det lagt inn krav om at det skal byggjast gang- og sykkelveg til Fjell sentrum og Kolltveit skule før det vert gjeve bruksløyve til bustadene. Det er også lagt inn rekkjefølgjekrav om gang- og sykkelveg og vassforsyning og avlaup. Kommunestyret avgjer saka.
Plan for Ebbesvika
KPU vedtok å godkjenna planprogram for reguleringsplan i Ebbesvika. Formålet med planen er å leggja til rette for barnehage og bustader med infrastruktur. Det er ikkje teke stilling til omdisponering av LNF-område til bustader.
Plan for Flyndrevika
Komitéen vedtok å leggja framlegg til reguleringsplan for Flyndrevika på Bjorøyna ut til offentleg ettersyn. Planforslaget opnar for 79 bustadeiningar (30 einebustader og 49 konsentrerte bustader) i tillegg til fellesareal, leikeplassar, parkering og friluftsområde. Mindretalet (Ap og SV) røysta for at planen ikkje vert lagt ut til ettersyn, men at det må lagast ein kommunedelplan før planen for Flyndrevika vert behandla.
Etablering av byggjevareforretning på Straume
Det vart vedteke å gje E.A. Smith høve til å etablera byggjevareforretning ved krysset mellom Lonavegen og Smålonane på Straume. Komitéen gjev dermed dispensasjon frå arealbruken til føresegnene i reguleringsplan for Straume sør.
KPU stadfestar vedtak om retting og tvangsmulkt
Komitéen står fast på eit vedtak i KPU 30. august i fjor om å oppheva eit pålegg frå Fjell kommune om retting/fjerning og tvangsmulkt på ein eigedom på Ekren. Saka gjeld eit tiltak der utbyggjaren utan søknad og løyve planerte ut eit område på om lag 90 kvadratmeter. Etter klage frå eigaren vedtok KPU i august i fjor å oppheva pålegget om fjerning og tvangsmulkt. Fylkesmannen har klaga dette vedtaket.
Fylkesmannen er ikkje samd med KPU som konkluderte med at dette var eit ulovleg tiltak som kunne reknast å vera mindre vesentleg ("av mindre betydning") og at vedtaket om retting og tvangsmulkt skulle opphevast. Fylkesmnannen meiner at muren og planeringa gjekk langt ut over kva som er av "mindre betydning" og at kommunen har plikt til å følgja opp lovbrotet. Etter at KPU no står fast på «august-vedtaket», går saka til endeleg avgjerd hjå settefylkesmann.
Komité for plan og utvikling tok stilling til åtte andre klage- og dispensasjonssaker. Tre klagesaker vart utsett til neste møte.
Tekst og foto: Vigleik Brekke