Komité for plan og utvikling (KPU) vil ikkje krevja at Husbyggernes Innkjøprskontor AS skal sikra ei skjering ved ein bustad på Fjell med korrosjonsverna steinsprangnett.
Rådmannen hadde gått inn for å krevja ei slik sikring etter at det i april i år fall ut ein del større steinar frå fjellskjeringa. Frå fagleg hald, mellom anna Norges Geotekniske Institutt, vert det også tilrådd å setja opp steinsprangnett.
På møtet i går (6. desember) konkluderte KPU med at det ikkje at det er grunnlag for å gjera endringar i eit pålegg frå januar 2010 om at Husbyggernes Innkjøpskontor skal utføra eitt av to alternative sikringstiltak. Vedtaket i går vart gjort med åtte (H, FrP, KrF og Sotralista) mot tre røyster. Mindretalet (Ap og SV) røysta for rådmannen sitt framlegg om å sikra skjeringa med korrosjonsverna steinsprangnett.
Plan for Snekkevika/Brattholmen
KPU vedtok å leggja ein reguleringsplan for Snekkevika/Brattholmen ut til offentleg ettersyn. Framlegget legg opp til utviding av skulebygg i Brattholmen, seks bustadtomter, kai, friområde, åtte båtplassar og infrastruktur. Planen sikrar nødvendig areal til utviding av Brattholmen skule og ein ny og betre tilkomst for dei som bur på Langholmen. Rådmannen meiner at framlegget til detaljreguleringsplan er eit kompromiss mellom vern av strandsona og grunneigar sine behov.

Avviste klage på plan for utviding av Kleivane kyrkjegard
Kristoffer Lie har påklaga kommunestyret sitt vedtak om å godkjenna reguleringsplan for utviding av Kleivane kyrkjegard på Fjell. Hovudpunkt i klagen var at planen var godkjent utan av klagar sine merknader er komne i møte og at kommunen ikkje har følgt spelereglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova. Det vert også synt til at kommunen ikkje har avklart grunnspørsmål med grunneigarane og at planen vil gjera drift av skogteig umogleg. Med 10 mot ei røyst (eítt medlem frå FrP) vart klagen avvist i samsvar med innstillinga frå rådmannen.
Andre saker i KPU
- Komitéen godkjende reguleringsendring for ny offentleg veg mellom Straume Næringspark og Ebbesvika.
- KPU seier nei til ein førespurnad om reguleringsendring frå fritidsbustad til bustad på Anglavika.
- Komitéen tok stilling til seks klagesaker.
Om kort tid vert protokollen for møtet lagt ut på heimesida til Fjell kommune under Politikk - Politiske komitéar.
Tekst: Vigleik Brekke