Google
Skriv ut print

Kulturminnesafari vert tradisjon

Kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, er strålande nøgd med den første kulturminnesafarien som er gjennomført i kommunen. Sundag 11 september fekk folk oppleva ei rekkje kjente og litt mindre kjente kulturminne i Fjell.

GrótvikaGrótvika
Grótvika

- Dette vart ein stor suksess, og tilbakemeldingane er utelukkande positive. Ikkje minst gjeld det kulturminna ved skulane. Denne safarien bør verta ein tradisjon, seier Lennart Fjell.

15 av dei 18 skulane i Fjell er med på prosjektet "Rydd eit kulturminne", og på kulturminnesafarien kunne deltakarane sjå og få informasjon om kulturminne ved skulane på Kolltveit, Misje og Gangstøgarden.

Rundtur med veteranbuss

Deltakarane på kulturminnesafarien fekk tilbod om skyss med veteranbuss gjennom løypa som starta og avslutta ved Fjell festning. Utanom skulane og festninga, var det besøk i Grótvika og Nordvikkverna. Folk stod fritt til å følgja opplegget heilt eller delvis.

Transport med veteranbuss var populærtTransport med veteranbuss var populært
Transport med vetranbuss var populært

Den norske kulturminnedagen har gjeve dette kulturminnesafariprosjektet heiderleg omtale og 10 tusen kroner. Pengane gjekk til transport med veteranbussen og annonsering. Resten av beløpet vert fordelt til dei tre skulane som var med på kulturminnesafarien i år.

- Elevane imponerte og viste fram sine lokale kulturminne med stor entusiasme. Eg vil også nemna Inge Kolltveit som har involvert elevane på Kolltveit skule på ein framifrå måte, seier kultursjefen. Ved Kolltveit skule er det funne ei gravrøys frå folkevandringstida.

- Fjell Kulturminnelag sine kulturkoordinatorar har vore sterkt involverte i arbeidet med kulturminnesafarien, og eg ser for meg at dette laget vert sentralt i arbeidet med å gjera arrangementet til ein årleg tradisjon, seier Lennart Fjell.

Her er fotogalleri frå kulturminnesafarien.



Tekst: Vigleik Brekke, foto: Lennart Fjell og Inge Kolltveit


Publisert:
20.09.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom