På fredag (17. februar) var 65 deltakarar samla i kultursalen i rådhuset på kurs i skriving av fagtekstar.
Det var Anne Håland frå Lesesenteret på Universitetet i Stavanger som heldt kurs for leselærarane på skulane i Fjell. Fjell kommune er godt i gang med lesesatsinga, og målet med kurset var å halda satsingsområdet "varmt".

Anne Håland er universitetslektor ved Lesenteret og er ein ettertrakta foredragshaldar. Ho har erfaring som lærar i grunnskulen og har arbeidd mykje med begynnaropplæring, litteraturformidling og skriving.
Tema på lesedagen var "Å skape ein skrivekultur i klasserommet", "Kjenneteikn på fagtekstar", "Praktisk arbeid med fagtekstar" og "Argumenterande skriving".
Kurset var først og fremst retta inn mot barnetrinnet, men det var også henta eksempel frå ungdomstrinnet. Det var styringsgruppa for lesing i Fjell kommune som inviterte til kurset.