Spørsmålet om kven som vil bu i Fjell er eitt av dei sentrale spørsmåla som vert stilte på ein konferanse i rådhuset torsdag 3. november. Dette er det andre seminaret om utvikling av aksen Straume by - Straume kystby.
På seminaret vil statsvitar og professor Frank Aarebrot presentera ei fersk innbyggjar- og flyttemotivundersøking i Fjell. Denne undersøkinga vil mellom anna gje svar på årsakene til at folk flyttar til og frå Fjell og kor tilfredse dei er med å bu i kommunen. Respons har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Fjell kommune. Husbanken har finansiert undersøkinga.
Menneske og miljø
Plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen seier at desse seminara skal hjelpa oss til å få kunnskap om korleis visjonane for Straume by og kystbyen kan utviklast. Dei to - tre første seminara handlar om menneske og miljø.
Willy Sørensen
Willy Sørensen
- Dei utbyggingane som vi står framfor er i realiteten dei største vi har hatt nokosinne i Fjell. Det skal byggjast ut over eit stort areal som krev mange ulike fagfelt i utbyggingsfasen. Gjennom fleire seminar vil vi sikra oss kunnskap om andre prosjekt som har lukkast og korleis vi kan unngå å gjera feil som andre har gjort, seier Sørensen.
Den nyvalde fylkesordføraren Tom-Christer Nilsen skal snakka om forventningane til Straume som regionsentrum. Det vert også ein presentasjon av "Västra hamnen" i Malmø. Dette er eit nytt bustadmiljø i eit tidlegare verftsområde.
- Eg har vore på besøk i denne bydelen, og eg opplevde dette som ein god plass å bu der ein har klart å setja saman eit bustadområde med bygningar som har karaktertrekk frå ulike land, seier Sørensen.
Invitasjonen til seminaret 3. november går til næringslivet, kommunestyret i Fjell, formannskapa i nabokommunane Sund og Øygarden, lag og organisasjonar og ei rekkje andre aktørar. Dette er eit ope seminar der privatpersonar kan delta. Påmelding skjer til vnr@vnr.no
Tekst og foto: Vigleik Brekke