Google
Skriv ut print

Lagar unike padleløyper

Ved hjelp av 200 tusen kroner i tilskot frå Gjensidigestiftelsen vert det oppretta merka og graderte padleløyper i region vest. Nordsjøåra er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Line Steinsland, Lennart Fjell og Kyrre Flotve er klar for merking av padleløyperLine Steinsland, Lennart Fjell og Kyrre Flotve er klar for merking av padleløyper
Line Steinsland, Lennart Fjell og Kyrre Flotve er klar for merking av padleløyper.

Prosjektleiar Kyrre Flotve er kajakkentusiast og slit med å finna sterke nok superlativ når han skal skildra forholda for kajakkpadling her vest. Til dagleg er han leiar i kajakksenteret i Bergen, God Tur Norge. Tilskotet frå Gjensidigestiftelsen er tildelt i samråd med Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen.

- Dette er eit unikt pilotprosjekt,og eg kallar det gjerne verdens beste plan for kajakkpadling. Folk spør etter plassar for padling, og no skal det lagast til ulike padleløyver frå Sund i sør til Øygarden i nord. Med denne perfekte skjærgarden region vest eit unikt område for padling, seier Flotve.

Auka interesse for padling

Kajakkpadling har teke seg kraftig opp dei siste åra. Det er mange lokale, regionale og nasjonale brukarar av dette området allereie, men der er eit stort behov for løypeinformasjon og gradering. Med dette pilotprosjektet skal ulike padleløyper merkast og graderast. Løypene vert gradert i fire nivå; frå heilt enkle til svært utfordrande løyper. Målet er å setja saman løypene til ei heil rute frå Øygarden i nord til Sund i sør.

- Folk spør etter kvar dei kan parkera bilen. Det må verta enkelt å koma ut i naturen, og med dette prosjektet vil vi leggja til rette for det, seier Flotve.

- Skal det setjast opp ei mengd med merke langs kysten no?

- Nei, det vert først og fremst gode informasjonstavler og tilgang på kart på sentrale stader som Langøy kystkultursenter, Rong og Turøyna. Vi tek sikte på at mykje er på plass i løpet av eitt år. Men vi ønskjer ikkje å stoppa med dette. Prosjektet må utviklast og utvidast, seier Flotve.

Samarbeid mellom kultur, næringsliv og reiseliv

Rådgjevar i Gode Sirklar, Line Steinsland, seier at Kysteventyret, som marknadsfører Sotra/Øygarden som reisemål, ser svært positivt på dette prosjektet og at dette er eit potensiale som ikkje er utnytta.

- Den erfarne må hjelpa den uerfarne, seier Lennart Fjell- Den erfarne må hjelpa den uerfarne, seier Lennart Fjell
- Den erfarne må hjelpa den uerfarne, seier Lennart Fjell.

- Her vert vi nok ein gong minna om at vi ikkje veit kva vi har før andre fortel oss det, seier Steinsland.

Kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, understrekar at dette er noko næringslivet bør kasta seg på og at det er mange positive ringverknader av dette prosjektet. I september vert "Sotra på langs" arrangert over tre dagar, og då kan folk med både stor og liten erfaring med kajakkpadling delta. Prosjektet skjer via det interkommunale kultursamarbeidet IKKUS.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
09.07.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom