Google
Skriv ut print

Leirstaden barnehage er fem år i dag

Barna i Leirstaden barnehage jubla i dag då dei vaksne inviterte til jubileumsfeiring for barnehagen. I dag er det nøyaktig fem år sidan barnehagen opna 31. oktober 2006. Leirstaden barnehage ligg like ved Foldnes kyrkje.

Leirstaden barnehage fyller fem år i dagLeirstaden barnehage fyller fem år i dag
Leirstaden barnehage fyller fem år i dag

- Dette måtte feirast. Vi har førebudd denne dagen ei stund. Både dei faste tilsette, føreskulelærarstudentane og lærlingane synte stor entusiasme og gjorde dette til ein flott dag for oss alle, seier styrar Monika Sørlie.

Frå teaterframsyninga av "Bord, dekk deg" Frå teaterframsyninga av "Bord, dekk deg"
Frå teaterframsyninga av "Bord, dekk deg"

Barna fekk ifølgje Sørlie ei glitrande førestilling av eventyret "Bord, dekk deg". Til festmåltidet vart det servert pølse og is.

- På personalrommet vart det nok mest jubel då den "kvite dama" kom på bordet. Alt i alt var dette ein herleg dag for store og små, seier Sørlie.


Publisert:
31.10.2011
Sist oppdatert:
31.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom