Like før konserten med Frode Alnes, koret Skrik og Fjell kulturskulekor i Foldnes kyrkje i går, fekk Leirstaden barnehage og Ulveset barnehage utdelt Arbeidsmiljøprisen 2011. Vinnarane fekk utdelt måleri og 15 tusen kroner kvar. Prispengane skal nyttast til vidare HMT-arbeid på arbeidsplassen.
Glade prisvinnarar frå Ulveset barnehage
Glade prisvinnarar frå Ulveset barnehage. Frå venstre; Liv Ulveseth, Eli Årdal Berland (ordførar) Janita Sandvik Sjøvold (styrar), Steinar Nesse (rådmann), Trine Ruud Nilsen, Reidun Knudsen (bak), Elisabeth Nessestrand og Ellen Margrethe Hansen (skulesjef).
Dei som heldt barnehagen i gang; Gunnhild Nordvik, Hristo Donev, Eli Aase, Ann Christin Rambjør, Mariann Lylund Toon,Synnøve Hope.
Systematisk førebyggjande arbeid
- Desse to barnehagane får prisen på deling. Arbeidsmiljøutvalet har lagt vekt på at prisvinnarane har stort fokus på kunnskap og kompetanseutvikling blant dei tilsette. Dei utviklar samhald i kollegiet ved felles aktivitetar og tiltak, sportslege så vel som kulturelle. Og dei arbeider systematisk for å førebyggja og redusera sjukefråværet, sa Ellen Margrethe Hansen då ho delte ut prisane.
Glade prisvinnarar frå Leirstaden barnehage
Glade prisvinnarar frå Leirstaden barnehage. Frå venstre: Liss H. Schumann, Lena Molland, Eli Årdal Berland (ordførar), Monika Sørlie (styrar), Inger Ann Larsson, Steinar Nesse (rådmann), Ellen Margrethe Hansen (skulesjef), Stine G. Rødsand, Marianne Lægreid.
Dei som var på jobb; Aina Molland, Jeanette Nilsen, Anette Lilletvedt, Nicola Breivik, Ingvild Eidhammer, Katrine Sønseth, Anita Høgøy, Kim Rong, Anita Ekrem, Siw Olsen, Kenneth Nyheim, Siren Tellnes, Monica Hovland, Matine Tvedte, Bente Eide, Sølvi Gjerde, Camilla Engevik, Eva Birthe Løvik Skage og Inger Lill Kolltveit.
Arbeidsmiljøprisen vart oppretta i 1999. Formålet med denne prisen er å setja fokus på det førebyggjande arbeidet med helse-, miljø og tryggleik ved å premiera verne- og arbeidsmiljøtiltak som viser innsats og resultat utover "vanleg HMT-arbeid".
Det var i år åtte kandidatar til Arbeidsmiljøprisen. I tillegg til vinnarane var assistentgruppa i skulane i Fjell, barneverntenesta, PPT, reinhaldstenesta, IKT-avdelinga og Kolltveit skule nominert.