Google
Skriv ut print

Levanger ser til Fjell

- Fjell kommune går føre som eit godt døme på korleis ulovleg bygging kan stansast.

Det skriv Fylkesmannen i Hordaland på heimesida. Fylkesmannen syner til at politikarane i Levanger i Nord-Trøndelag er utfordra til å ta tak i den ulovlege bygginga. Levangeravisa har spurt om dei ulike partia vil ta tak i dette og setja av ekstra ressursar.

Plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen seier til avisa at det har skjedd ei haldningsendring hjå folk og at det ikkje er problem å få aksept for den rolla kommunen har i byggjekontrollen.

Her er oppslaget i Levangeravisa.


Publisert:
29.08.2011
Sist oppdatert:
29.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom